Namn: Oselie Henden

Alder: Snart 16 år

Bustad: Nordfjordeid

Skule: Skal starte på landslinja i skiskyting ved Stryn vidaregåande skule

Kva planar har du i sommar?

– Eg skal halde mange konsertar, vere heime, vere saman med venner og familie, bade og nyte sommaren.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Det første sommarminne må vere Malakoff i fjor då Karpe og Gabrielle var der, og det andre sommarminne er året før då laget mitt kom på tredjeplass i Norway Cup.

Kva er di draumereise og kva tre personar ville du hatt med?

– Det er New York saman med nokre venner. Eg er veldig glad i storbyar ettersom det er litt annleis enn heime.

Korleis ser ein perfekt sommarkveld ut?

– Det må vere på stranda, når det er kveld, ganske varmt men ingen mygg for eg hatar mygg. Eg et jordbær og drikke Pepsi Max. Då er eg nøgd.

Det blir ikkje sommar utan…

– Sol.

Favorittmat/drikke om sommaren?

– Mango smoothie på Mc Donalds og heimelaga pizza.

Ditt beste tips til kva ein kan gjere på Eid i sommar?

– Ein kan dra på Malakoff, sommarshopping, fjellet eller bade. Ein kan eigentleg gjere kva som helst her. Er det noko ein ikkje kan gjere her?

Har du nokre hobbyar?

– Eg spelar fotball, går på skiskyting og driv med musikk.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg er dårleg til å sitje i ro. Eg er flink til å finne på ting å gjere med vennar og familie. Eg er også flink til å utnytte dagane.

Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Eg er livleg, morosam og kreativ.

Er det noko du engasjerer deg for?

– Eg engasjerer meg for lokalsamfunnet og flyktningkrisa. Eg bur her og har lyst til å hjelpe til slik at folk har det bra her. Dei går litt saman ettersom vi har flyktningar her også. Eg skreiv låten om flyktningkrisa då eg var med i MGPjr som handla om at vi må ta vare på kvarandre og passe på kvarandre.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Mobilen min om eg hadde dekning. Eg ville tatt med han som speler Jack Sparrow i Pirates of the Caribbean filmane, Johnny Depp, for han kunne bygd flåte. Kjartan Lauritzen også, for han hadde laga god stemning.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Eg hadde spart litt, brukt litt her og då på ting eg trengde og ting eg ikkje trengde. Og så ville eg gjeve litt til organisasjonar.

Kva statsleiar/artist ville du ete middag med og kvifor?

– Petter Northug fordi han berre er morosam.

Kven vil du gje ein blome til?

– Ein blome til mamma. Ho er veldig grei som hjelpe meg med artistkarrieren, og så er ho der når eg treng ho.

Kva syntest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Eg trur det blir veldig bra, og trur det berre kjem positive ting ut av det. Eg er sjølv halvt statsar (Stadlandet).

Kva meiner du om Eid som cruisedestinasjon?

– Eg trur det blir bra. Det er litt kult å få folk til å sjå Eid. Vi har jo ikkje hatt det før, så det blir annleis og det er bra.

Kva er den beste sommarlåten 2018?

– Sommarkroppen!

Draumeartist til Malakoff?

– Det trur eg må vere Adele. Eg trur ho hadde laga skikkeleg stemning sidan alle kan låtane hennar. Ho hadde også gjort at veldig mange hadde kome til Malakoff.

Kva skal du lese i sommar/beste sommarbok?

– Eg les ikkje bøker, det skjer berre på skulen. Eg har ingen bøker eg skal lese denne sommaren.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– Eg kunne tenkje meg å bu i Oslo. Eg er der veldig ofte og trivast svært godt. Eg og ei venninne hadde ei avtale om å byggje hytte i regnskogen, men då vi såg kva dyr som er der forandra vi det til ein villa i Spania

Korleis ser framtida ut?

– Er det mogleg å svare lys? Lys og bra.

Les fleire sommarpratar her