Vedtaket i TSU var samrøystes og i tråd med rådmannen si innstilling i saka.

– I og med at planverket kunne virke litt uklart på om etablering av daglegvarehandel  var innanfor, måtte vi tolke oss fram til korleis planverket skulle oppfattast, sa utvalsleiar Alf Reidar Myrstad (Sp) etter at møtet i TSU var avslutta.

Masterplan

Før TSU starta sakshandsaminga av søknaden om rammeløyve, orienterte Jan Magne Vik, dagleg leiar i Rema Etablering Nordre Vestland AS, nærare om korleis ein tenkjer når større næringsområde skal utviklast og planleggast. Som eit døme på korleis ein masterplan for næringsområde blir til, trekte Vik fram Digernes Næringspark i Møre og Romsdal som døme.

Eid interessant

–Når vi jobbar med eigedomsutvikling så tenkjer vi langt fram i tid, gjerne 20 år. Det handlar om å analysere korleis ting vil utvikle seg. Nordfjordeid er interessant for etablering fordi det er folketalsvekst. Staden er attraktiv på mange område og trekk til seg mykje folk utanfrå eigen kommune. Nordfjordeid har i tillegg ein svært god posisjon innanfor handel i regionen, sa Magne Jan Vik som la til at for Retail Eigedom AS, så er det heilt uaktuelt å hente butikkar frå gata for at dei skal etablere seg på Stokkenes.

Attraktivt

–Utgangspunktet er å gjere det aktuelle utbyggingsområdet ein jobbar med attraktivt for etablering. Det første som då må på plass er detaljhandel i form av daglegvarehandel. Slik tenkjer vi også når det gjeld utviklinga av Eid Næringspark, sa Jan Magne Vik som opplyste utvalsmedlemmane om at Retail Eigedom AS som har kjøpt næringsområdet under gitte føresetnader, og som er eigd 50 prosent av Wenaas Kapital og 50 prosent av Rema Etablering Nordre Vestland AS, hadde med seg Rema 1000, Cirkel K, Europris og ein elektrokjede som per dato ikkje er etablert på Eid, på laget.

Blåhus

–I tillegg til dette har det vore kontakt med naudetatane, Politi, Brannvern og Sivilforsvar, om etablering av eit «Blåhus» på næringsområdet på Stokkenes, sa Vik som var klar på at for Retail Eigedom AS ville det vere viktig å kome i gang med utbygging av området så raskt som mogleg.

Meir om denne saka i avisa fredag

Magne Jan Vik, dagleg leiar i Rema Etablering Nordre Vestland AS, orienterte TSU i Eid om planane Retail Eigedom AS har for utvikling av området Eid Næringspark. – Det er avgjerande viktig at vi får starte med det som gjer området attraktivt for andre først, sa Vik som var klar på at det ville vere daglegvarehandel. Foto: Tormod Flatebø