Det var i 1950 at familien reiste frå Isane i Bremanger til Badger, nord i Minnesota på grensa til Canada. Ein storfamilie som bestod av foreldra Anna(54 år) og Sigurd(52 år) Isane, og deira barn Marta (27 år), Dagrun (21 år), Ragnhild (16 år), Olav (16 år) og Sverre (15 år). Marta hadde med seg mannen, Per Heggedal (29 år)  frå Bryggja. Marta og Per gifte seg i 1948, og sonen Martin Heggedal kom til verda som deira femte barn, fødd USA i 1961.

Til saman var dei åtte personar som tok båten ut frå Bergen med kurs for Amerika og Minnesota i 1950. Der venta storebroren til Sigurd, Jonas som emigrerte allereie i 1913. No hadde han klart å overtale broren Sigurd og kona Anna til å kome etter, saman med fem av sine seks barn. Berre dottera Oddlaug blei igjen i Norge, då ho var trulova i Bergen.

Langt mot nord

Familien Isane/Heggedal busette seg nær den vesle bygdebyen Badger i Minnesota som den gongen hadde berre 400 innbyggjarar. I eit område med landbruk, der Jonas var godt etablert med eigen gard gjennom allereie 37 år i Amerika. I Badger fekk Sigurd og hans famlie god mottaking, og fekk seg arbeid på garden. Etter ei tid flytte Marta og Per til Rappid City i Sør-Dakota, då Per fekk seg jobb som snikkar der. Onkelen til Marta, Ola, hadde då budd der sidan 1948. Og det var i Rappid City at Martin Heggedal kom til verda i 1961. I 1966 flytte dei tilbake til Badger, der dei kjøpte seg jord og etablerte sin eigen gard i nærleiken av Jonas sin gard. Barndomen til Martin Heggedal vart altså på garden nord i Minnesota, på grensa til Canada.

Norsk i Norge

Og sjølv om Martin Heggedal kom til verda elleve år etter at foreldra kom til Amerika, har han alltid vore svært knytta til heimlandet til foreldra. Ikkje mindre enn elleve gonger har han vore tilbake til Norge og Nordfjord. Og i år er han her igjen, med flittige besøk hjå mange slektningar og vener i Norge.

–Eg kjenner meg alltid norsk når eg er i Norge. Vel er eg nok mest amerikansk, men røtene til Norge er ein stor del av meg, seier Martin Heggedal som i sommar er på ferie ei veke i Nordfjord, saman med kona Mona og deira to barn Laurie og Kristina, og kjærasten til Laurie, Matthew.

–Norske tradisjonar og norsk kultur vil alltid vere ein stor del av meg. I min oppvekst hadde vi nær sagt ein norsk heim i høve til inventar, med vevde tepper og norske kister til dømes, seier Martin som før sitt første besøk i Norge allereie kjende godt til den norske kulturen.

–Under oppveksten i Minnesota snakka vi berre norsk i heimen. Eg lærte det norske språket heime, medan vi hadde engelsk på skulen, seier Heggedal som vaks opp som nest yngst i ein søskenflokk på seks. Seinare studerte han norsk på universitetet i to år, og snakkar i dag språket godt.

Norske julesongar

–Det er alltid kjekt å kome til mine to tanter som bur på Bryggja. Dei snakkar norsk litt sann på gamlemåten, og eg kosar meg veldig når eg kan samtale med dei. Mellom anna kan vi då synge norske songar, noko som eg likar veldig godt. Heime i Badger brukar vi også alltid norske julesongar og vi feirar alltid 17. mai, fortel Martin som er svært interessert i historia til sine to familiegreiner i Nordfjord. Denne sommaren la han turen til Bortneskår i Bremanger, der oldefaren Didrik kom i frå. Ein veglaus gard tre kilometer vest for Bortnen i Bremanger.

–Eg har aldri vore i Bortneskår tidlegare. Det var frå denne garden oldefaren min, Didrik Bortneskår (1864-1923) kom, fortel Martin.

Didrik gifte seg med Marte Steffensdatter (1862-1942), og busette seg på Steffagarden på Isane. Dei fekk ti born, der tre av gutane emigrerte til Amerika, Jonas, Ola og Sigurd. Etter at familien Isane/Heggedal emigrerte til Minnesota i Amerika for snart sytti år sidan, har slekta vakse til langt over femti etterkomarar. Dei er barn, barnebarn og oldebarn til Marta og Per Heggedal. Alle med norske røter til Isane og Heggedal på Bryggja.