«Gi meg vann» heiter det i eit dikt av forfattaren Nordahl Grieg som han skreiv for nesten hundre år sidan medan han var i tørre Kina. Eit ønske om vatn er noko elveeigarar og bønder denne sommaren står saman om. Sommaren har vore svært nedbørsfattig i heile Sør-Noreg, noko som har fått store konsekvensar.

Vass-standen varierer

Leiar i Elveeigarlaget, Per Ingvar Langeland, opplyser at vasstanden no ikkje er historisk låg.

Den kan variere ein god del frå år til år, og det skal ikkje regne så mange dagane før vatnet i elva aukar monaleg. Den lågaste vassføringa nokon sinne er 2,5 kubikk per sekund, fortel han, noko som berre er ei tredel av vassføringa før helga på 7-8 kubikk per sekund. I 2014 var og elva veldig lita, men ikkje så langvarig som no. Det regna godt i helga, vasstanden er veksande, og var 9 kubikk per sekund midt på dagen søndag. Så det ser ut til at ein unngår ytterlegare restriksjonar.

− Så det er langt frå noko krise, presiserer han, og det er meldt om mange dagar med regn framover.

Nasjonal lakseelv

Stortinget har bestemt å opprette eit særskilt vern frå andre negative samfunnsinteresser for 52 norske lakseelvar, med tilhøyrande vern av dei 29 fjordane dei renn ut i. Desse elvane har særs viktige laksestammar og får eit ekstra vern for gyte- og oppvekstområda i elvane, og mellom dei er Eidselva.

Langeland fortel at elveeigarlaget ikkje driv klekkeri for yngel lenger. Fagfolk har vurdert det slik at gyteforholda i elva er gode nok utan ekstra tiltak. Langeland seier at det er på Nord ein har dei beste gyteforholda. Smolten blir i elva i 2-3 år, og når ein storleik på 10-12 centimeter før den byrjar på den farefulle ferda ut i fjorden og vidare til storhavet der ulike typar predatorar ventar. Likevel unngår mange eidasmolt farane, og laksen vender gyteklar tilbake til oppvekstelva. Etter 2014 har talet på fanga laks og gytefisk gått merkbart opp, og gytefiskteljinga med dykkarar viste om lag 200 fleire gytefisk i 2017 enn i 2016.

Brukar sin eigen rett

Langelandsgardane har felles fiskerett på ei strekning på knapt ein kilometer. Per Ingvar nyttar garden sin rett sjølv. Både han og mange slektningar likar godt å fiske laks, og det største laksen han har fått i år var på ni kilo. På garden er det gode fiskeplassar og flater ved elva som gjer at det er lett å komme til. I «Storehølen» står det jamleg fisk.

Langeland har god tru på Eidselva som lakseelv også i framtida. Elveeigarlaget driv eit aktivt og målretta forvaltningsarbeide, og statistikkane for elva er gode.

Fakta for Eidselva

• Eidselva er 10,5 km lang lang og går frå Hornindalsvatnet til Nordfjorden

• Det var engelskmennene som på 1800-talet innførte moderne fiskemetodar med stang og snelle

• Elveeigarlaget blei skipa 9. juli 1911

• Heile vassdraget som Eidselva er ein del av er freda mot vidare kraftutbygging etter «Tussautbygginga» på 1960-talet

• Største holaksen blei tatt på Hjelle i 1944, vog 27,6 kilo og er norgesrekord.

• Høgast tal på fanga rømd oppdrettslaks i åra 1999-2010 er 110 i 2001 og lågast 11 i 2009

• Talet på kvinnelege fiskarar har auka dei siste åra

• I Driftsplanen for 2018-22, laga av Olav Os og Jan Inge Bjørlo, finn ein både historikk, statistikk, om biologiske forhold og tiltak i åra framover

• Eidselva er både viktig for næring og rekreasjon i lokalsamfunnet: inntekter til grunneigarar, butikkar som sel fiskeutstyr og utleigarar av husvære.

LÅG VASSTAND MERKAST: Men snart vert det nok meir vatn og liv i elva. Eit filmteam ventar på normale forhold for å lage film av elva. Foto: Per Ole Lefdalsnes
BUMERKE FRÅ 1643: Langeland er stolt av bautaen reist i 2000 med bumerket til garden frå 1643. Foto: Per Ole Lefdalsnes
GAMAL STØ: Her drog dei båtane på land før i tida. No er det bålplass i gropa under trea. Her feirar familien jonsok kvart år. Foto: Per Ole Lefdalsnes
AVSLAPPING I HUSVEGGEN: Ventar på hoslåtten som teiknar uvanleg godt i år. Per Ingvar Langeland er elles aktiv som hobbytømrar. Foto: Per Ole Lefdalsnes
VEGVISAR TIL ELVA: Men der er det lite å få akkurat no. Foto: Per Ole Lefdalsnes