– Vi har ikkje konkrete tal, men det har generelt vore lite folk, fortel Vegard Lunde og Karianne Bøen som har sommarjobb i symjehallen og jobbar som blant anna badevakter.

Symjehallen har i sommar vore open for alle tysdagar og fredagar frå klokka 13 til 17, men badevaktene trur det er på grunn av det fine vêret som har bidratt til at folk ikkje har nytta seg av tilbodet.

– Vi trur at mange har vore i Sagaparken i staden for å kome inn hit. Dette er nok eit flott tilbod for folk når det er dårleg vêr, smiler dei.

Dårlegare tal enn i fjor

Badevaktene kan fortelje at det har lagt på rundt ti til tolv besøkande per dag denne sommaren. Samanlikna med i fjor då vêret var ein del dårlegare enn det har vore i år, er desse tala litt dårlegare.

– For eit par veker sidan var det ein dag det var dårleg vêr og då kom det rundt 50 personar. Det trur eg nesten var meir enn det har vore totalt i sommar, seier Karianne.

– Det var nok litt meir folk i fjor. Dei dagane der det kom mykje folk kom fleire gongar i motsetning til i år der vi berre har hatt ein dag med mykje folk. Det har blitt med den eine dagen der det kom 50 personar, legg Karianne til.

God stemning

Trass i lite besøkande i symjehallen i sommar, kan badevaktene fortelje at det ikkje har vore ein dag der det ikkje har vore besøkande.

– Det har vore god stemning trass i at det har vore lite folk, seier Vegard og Karianne og fortel at dei som har nytta seg av tilbodet kjem anten for å bevege seg eller så er det foreldre som tek med borna for å bade og bli kjent med vatnet.

Dei dagane det er dårleg vêr er fleire i symjehallen for å bade, og når det er fint vêr vel mange strandlivet trur badevaktene. Foto: Olin Maria Yri