Det er ingenting å seie på arbeidslysta for det nye og spennande som skal i gong i bygda: Dei skal drive sin eigen skule og det på ein litt annan måte enn kommunen. Noko som betyr meirarbeid for foreldra, men det tek dei med glede på seg for å sikre skule i bygda for borna sine.

Mykje må gjerast

Dagleg leiar i Bryggja Skule AS, Sverre Solibakke, opplyser at det er mykje som må gjerast no før skulestart, men dei er i rute, forsikrar han, og alt skal vere klappa og klart til undervisningsstart 20. august. Han peikar på at vedlikehaldet har vore forsømt dei siste ti åra, så det er eit stort etterslep. Det går nok med minst 1000 timar med innsats av dugnadsvillige foreldre som gjerne stiller på kort varsel.

Ein skule for framtida

Organisert foreldredugnad starta først no i helga, men det har vore arbeidd ein god del med administrativt arbeid etter at løyvet frå styresmaktene kom. Vaksne jobbar med måling av veggar og diverse monteringsarbeid, og ungane hjelper til så godt dei kan. Skulen var heilt ribba då dei tok over, så no skal nye pultar inn, hyller monterast og skap på plass.

Solibakke har god tru på at den private skulen på Bryggja er sikra i mange år framover. Bygdefolket er luta lei av nedleggingsspøkelset som har hengt over skulen i budsjettprosessane i kommunen kvar haust i mange år. No tek dei saka i eigne hender og vil ha full kontroll. Ståpå-viljen og samhaldet i bygda er kanskje sterkare enn nokon sinne.

HYLLEMONTERING: Framme f.v. Sverre Solibakke med dottera Anna, Sarah Johanne Solibakke og Solveig Midtbø. Bak Per Totland t.v. og Jonas Totland. Foto: Per Ole Lefdalsnes
HYLLEMONTERING: Framme f.v. Sverre Solibakke med dottera Anna, Sarah Johanne Solibakke og Solveig Midtbø. Bak Per Totland t.v. og Jonas Totland. Foto: Per Ole Lefdalsnes
RYDDING OGSÅ UTE: Ei utdatert leikehytte er fjerna og gamle sklier skal bort. F.v. Øyvind Fagerli, Ove Midtbø og Øystein Hessevik. Foto: Per Ole Lefdalsnes
BUSKER SKAL BORT: Det har vakse vilt her dei siste åra. No skal det bli pent og ryddig også rundt skulen. Foto: Per Ole Lefdalsnes