Namnet på CD-en handlar mellom anna om at det er no vi har tida. Er det noko som vi vil gjere, så må vi gjere det no. Tida er dyrebar; «livet forsvinner i hast som en drøm».

På CD-en er det 14 melodiar, dei fleste tekstane tek utgangspunkt i bibelord, og ti av songane har ho sjølv skrive både tekst og melodi til.

– Songen «Den klare morgonstjerna» er eit bilde på Jesus, som skal kome att når den evige morgonen gryr.

Solveig har eit spesielt sterkt forhold til «Himmelsong», her har ho sjølv skrive teksten, men har fått bruke melodien til Reidar Thommessen «Jeg elsker ditt smil og din latter»

– Eg måtte ha med ein himmelsong. Har vi ikkje håp her, så har vi der. Eg håper at songane vil røre ved hjartet til lyttarane, at dei kan bidra til at fleire finn den fullkomne gleda. Det er mange som er lei seg og som ikkje finn meining med livet. Bibelen seier at det er evig håp for alle, eit håp om eit fullkome liv på den andre sida.

Songane får leve vidare

Det er spesielt dei siste åra Solveig har skrive songar, og ho kjende etter kvart eit behov for å feste dei til noko, slik at dei kan leve vidare og bli til glede for andre.

Ho er godt fornøgd med resultatet, ikkje minst det delikate CD-coveret og hefte som Heidi Medgard Oskam i Reed Foto har designa og der alle tekstane er med.

Dei fleste av tekstane er på bokmål, og Solveig forklarer det med at ho ikkje er så glad i den nynorsken som er for stiv.

Har vore mykje arbeid

Det er 3–4 år sidan avgjerda vart teken. Då kunne ho ikkje vente lengre.

– Eg kunne ikkje sleppe tanken og hoppa i det, smiler Solveig. Ho fortel at ho høyrde ei stemme på TV som sa:

«Er det noko du har lyst til å gjere. Har du lyst til å lage ein CD, så gjer det»

Og ho gjorde det.

Men hadde ho visst kor mykje arbeid det vart, så hadde det kanskje ikkje blitt.

Gode medspelarar

Solveig fekk med seg Asbjørn Eikenæs som noteansvarleg og teknisk ansvarleg. Han spelar også fløyte, munnspel og gitar på plata. Også dottera Åsta bidreg på fiolin. Og nokre barnebarn syng og trallar med på barnesongen «Boken om Jesus».

Dei tre songane som ikkje er heimelaga er: «Overmåte fullt av nåde», «Du er innbudt til bryllup i himlen» og «Boken om Jesus».

Søstrene Orheim

For Solveig Nome har song og musikk alltid vore ein stor del av livet. Begge foreldra hennar var glade var song og musikk, og Solveig og søstera Jorunn fekk tidleg gitarar.

«Søstrene Orheim» drog rundt og opptredde i kristne samanhengar med tostemt song. Dei fekk til og med tilbod om å bli med på turne i Amerika, og ein songkarriere kunne det ha blitt om dei hadde satsa på det.

Det vart i staden giftarmål og familieliv, men songen har Solveig hatt med seg heile tida, til dømes ved at ho og Henny Nyberg starta opp Stårheim yngste røster då barna var små.

Opp gjennom åra har Solveig også nytta song og musikk i jobbar som ho har hatt innanfor kyrkje og kristenliv. Der skulle ho tolke kristne tekstar, og gjorde det mellom anna gjennom songar som ho skreiv og framførte. Søstera Jorunn gifta seg i Berle, der ho vart lærar og vart ansvarleg i kyrkjelyden for song og musikk.

– Ny salmediktar?

– Fleire av songane dine kan høve i ei samlebok. Har Stårheim no fått ein ny salmediktar?

– Nei, eg vil ikkje kalle meg akkurat det. Men det er evangeliske songar med ein kristen bodskap.

– Skal du ut på turne?

– Har ikkje tenkt det. Då får dei invitere, ler platedebutant Solveig Orheim Nome.

– Ein gong evangelist, alltid evangelist. Ho vil gjerne nå ut til så mange som mogeleg med den glade bodskapen.

Plateslepp i Samlingsheimen

19. august er det plateslepp, og songane blir tilgjengelege mellom anna på dei digitale kanalane Spotify og Apple Music. Dagen før, den 18. august, blir CD-en presentert og lagt ut for sal i Samlingsheimen på Stårheim. Då håper dei på masse folk, mellom andre også dei som ikkje vankar der til vanleg.

For Solveig Nome har song og musikk alltid vore ein stor del av livet. Foto: Anna Wuttudal
– Eg kunne ikkje sleppe tanken og hoppa i det, smiler Solveig, som no er godt fornøgd med resultatet. Foto: Anna Wuttudal