Leiar:

Sprek satsing

Furebuda AS satsar vidare. I fjor opna dei restaurant og pub, og eit hotellbygg med tolv rom. No er det større utvidingsplanar som ligg klare.
Nyhende

Den gamle Hoddevikbuda på nabotomta skal rivast. Her planlegg ein i staden eit hotellbygg med 19 rom og to suitar. Dette vil auke kapasiteten på hotellrom på Stadlandet til godt over ei dobling.

Det er ei betydeleg investering det no vert satsa på, og byggjestart er allereie no i august/september.

Dei snart åtte månadane Furebuda har vore i drift viser at turistsesongen har vore nesten over all forventning. Reiselivet blomstrar som aldri før med fleire besøkjande enn på lenge.

Frå før veit vi at det er planar om å byggje opp igjen Selje Hotell. Ei investorgruppe der alle har tilknyting til Selje-området er etablert, og dei har stifta selskapet Selje Hotell Invest AS.

Hotellbrannen i Selje har skapt mange og vonde sår i lokalsamfunnet. Branntomta står midt i sentrum som eit ope sår som minner alle om kva som har skjedd.

Behovet for hotell i Selje er absolutt til stades. Vi har tru på at med satsing på reiseliv i Selje kan ein få bruk for både eit nytt Selje Hotell og utviding av hotellrom på Leikanger.

Selje treng utvikling og vekst, og ein må tore og satse for å vinne.

I dag er det mange moglegheiter som ikkje er godt nok utnytta; slik som reiseliv, naturen, Vestkapp, Stad skipstunnel, havrommet og fornybar energi. Potensiala står i kø.

Nyleg opna Vestkapphuset igjen, og starten har vore strålande for dei som satsar på servering der. Vi har også tru på deira vidare planar på Vestkapp.