Namn: Arild Heggen

Alder: 64 år

Bustad: Nordfjordeid

Sivilstatus: Singel

Yrke: Lærar ved Eid Vidaregåande skule

Kva planar har du i sommar?

– Eg skal slappe av, trimme og kanskje på noko festivalgreier.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Det må vere cupturneringane i «Hondalen».

Kva er di draumereise og kva tre personar ville du hatt med?

– Å reise med den transsibirske jernbane. Det måtte no ha vore saman med Per Scott Olsen, for han veit så mykje om land og folk, Synnøve Søvik Myklebust for vi kunne diskutert politikk, og Kristian Lefdal så vi kunne ha diskutert fotball.

Korleis ser ein perfekt sommarkveld ut?

– Det må vere fotballkamp mellom England og Belgia med jordbær plukka av Sivert Myrold

Det blir ikkje sommar utan…

– Fotball VM eller EM.

Favorittmat/drikke om sommaren?

– Reker og hvitvin (med h).

Ditt beste tips til kva ein kan gjere på Eid i sommar?

– Det må no vere å reise bort til Hanne Tomasgard i Sagaparken og sjå på vikingskipet.

Har du nokre hobbyar?

– Historie, sport og politikk.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg er flink til lite, og dårleg til mykje.

Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Kjedelig, teit og for høgt blodtrykk.

Er det noko du engasjerer deg for?

– Eg engasjerer meg for den politiske debatten i Norge som har blitt usakleg og dum å høyre på og det irriterer meg. Også debatten om fylke og kommune har vore dårleg. Heile Nordfjord skulle sjølvsagt gått nordover. Det skulle vore VAR-dømming i politikken. Lokalpolitikarane tykkjer eg generelt er flinke.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– MacGyver i alle fall så vi hadde kome oss tilbake. Eg ville også tatt med Steinar Furnes og Cecilie Bjørlo.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Då ville eg kanskje kjøpt ei leilegheit i Sagaparken.

Kva statsleiar/artist ville du ete middag med og kvifor?

– Charlotte Kalla. Ho tykkjer eg er koseleg. Det måtte ha vore i Falun.

Kven vil du gje ein blome til?

– Det er mange. Nokre til Evy og dei andre på Hogatunet, dei som står på for frivillige lag og organisasjonar som til dømes Øystein Haugland og nokre til Vossadama Hege Breistein på polet.

Kva syntest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Det tykkjer eg er greitt når dei først gjer slikt, og så tykkjer eg det er eit fint namn.

Kva meiner du om Eid som cruisedestinasjon?

– Eg kan for lite om miljøet, men eg tykkjer det er bra med aktivitet. Det er generelt vanskeleg dette med vekst og vern.

Kva er den beste sommarlåten 2018?

–I alle fall ikkje Mads Hansen.

Draumeartist til Malakoff?

– Malakoff kunne også fått blome. Kanskje for vi over 60 år, allsong i Jakthola med Jon Holmøyvik og Dagfinn Lågeide.

Kva skal du lese i sommar/beste sommarbok?

– Shetlandsgjengen er ei veldig god bok. I staden for å berre lese om Max Manus og 24 så er det greitt at Bård Grotle og dei andre vert framheva.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– I London eller i «Hondalen».

Korleis ser framtida ut?

– Den ser eg mørkt på.

Les fleire sommarpratar her