Oddhild Louise Nyberg frå Stårheim studerer til bachelor ved Griegakademiet i Bergen, og skal til på det siste og fjerde året no til hausten. Ved sidan av har ho også spelt to år i Bergen filharmoniske ungdomsorkester i to år. No skal ho til Kina saman med dette orkesteret, til ein festival som blir arrangert for andre gong av Beijing Philharmonic Culture Exhange.

Konsert for nær 9000

BFung skal spele seks konsertar i ulike konserthus i Qingdao. Med seg i kofferten har dei mykje norsk musikk av Edvard Grieg, Geirr Tveitt, Johan Svendsen og Torstein Aagaard-Nilsen. Dei skal mellom anna spele Griegs klaverkonsert i a-moll med den unge kinesiske pianosolisten Yin Siyun. Saman med 600 andre ungdomar frå heile verda skal BFung også spele i det store festivalorkesteret som skal avslutte heile festivalen med ein stor utekonsert i Qingdao. Orkesteret reknar med å spele for totalt 8-9000 menneske under festivalen.

Begeistra i Bergen

Samarbeidet med Beijing Philharmonic Culture Exhange starta våren 2017, då Mr. Liu Zheng, som er dirigent og kunstnarisk leiar for Beijing Philharmonic Symphony Orcestra, var på festspela i Bergen og høyrde BFung spele konsert på Torgallmenningen. Han blei så imponert over nivået dette ungdomsorkesteret heldt og inviterte umiddelbart heile BFung til Kina.

19 millionar TV-sjåarar

I august 2017 reiste messingkvintetten Momentum Brass (alle medlemmer av BFung) for å delta på festivalen i Qingdao, og gjorde stor suksess med tre konsertar. I desember 2017 kom Mr Liu Zheng tilbake til Bergen og hadde med seg eit TV-team frå CCTV, den største engelskspråklege TV-kanalen i Kina. Resultatet var at 19 millionar kinesarar såg BFung på TV 31. desember 2017.

Gler seg

BFung reiste frå Bergen på onsdag denne veka. Og fiolinisten frå Stårheim gler seg til den store festivalen, og opplevingar i Kina.

– Ved sidan av å spele skal vi også rundt omkring for å oppleve kulturen er serverdigheiter i Kina, seier Oddhild Louise Nyberg som har vore knytta til Griegakademiet i Bergen sidan ho var fjorten år, gjennom tilbodet unge talent. Det betyr at ho reiste fleire helgar gjennom året for å få undervisning ved Griegakademiet. Dei to siste åra på vidaregåande gjennomførte ho i Bergen, og har dermed budd i byen i fem år ho. Planen vidare er å ta master innan utøvande musikk, med hovudvekt på fiolin.

– Eg spelar fiolin både på dagtid når eg studerer og mellom anna i BFung faste helgar gjennom året. Det blir mykje speling, men eg blir aldri lei av det, seier ho som nyleg har hatt ein månad ferie heime på Stårheim med avslapping og opplading til nye oppgåver.

BFung tek ikkje minst med seg norsk musikk i bagasjen til Kina. Dei skal spele både Edvard Grieg, Geirr Tveitt, Johan Svendsen og Torstein Agaard-Nilsen.
Festivalen har eit publikum opp mot 9000.