Tiltalt for trygdesvindel

Det er tatt ut tiltale ved Sogn og Fjordane tingrett mot ein nordfjording i 50-åra for trygdesvindel.
Nyhende

I ein periode i 2016 sende han kvar 14. dag meldekort til Meldekort-sentralen.

Der unnlét han å opplyse om timar han har vore i lønna arbeid, og har fått utbetalt arbeidsavklaringspengar på nesten 71.000 kroner.

I tiltalen vert det vist til at NAV er påført fare for tap, og at han har gitt uriktige opplysningar til NAV.