Storstilt hotellutbygging på Leikanger

I november 2017 blei den renoverte Furebuda på Leikanger opna med restaurant Stormfast og puben Njord. Dessutan blei eit hotelltilbygg med 12 rom opna. No ligg nye større utvidingsplanar føre.

HoTELL PÅ LEIKANGER:Planane går ut på at eit nytt hotellbygg med 19 dobbelrom og to suiter. Det er dessutan planlagt ein større konferansesal i nybygget og eit digitalt museum som skal vise hovudtrekk av fiskerihistoria i distriktet. Det er Furebuda Lodge på Stadlandet som er tiltakshaver for den nye Hoddevikbuda. Oppdragsgjevar er Dragebygg A/S, Stadlandet. Teikning: ARK arkitekter og ingeniører AS  Foto: ARK arkitekter og ingeniører AS

Eit hotellbygg med 19 dobbelrom og to suiter skal reisast på tomten.

Nyhende

Furebuda opna som restaurant i 2001, og har vore treffstad for folk i lokalsamfunnet i mange år. Behovet for det tilbodet som Furebuda har, er blitt tydeleg dokumentert berre etter nokre månaders drift. Når det nye hotellet kjem i drift ved årsskiftet 2019/2020, er eit robust hotelltilbod igjen på plass i Selje kommune.