Første gong på Vestlandsk sommarsymfoni

Spennande og lærerikt

Astrid Seljeseth frå Kjølsdalen er med på Vestlandsk sommarsymfoni for første gong.

Astrid Seljeseth likar å finne nye utfordringar. I sommar tek ho musikkinteressa eit steg vidare under ei veke med øving under Vestlandsk sommarsymfoni.  Foto: Inger Træen

Nyhende

Vestlandsk sommarsymfoni er også i år godt i rute på Fjordane folkehøgskule. For 40. gong er amatørmusikarar frå heile landet samla til øving gjennom ei heile veke, og avslutting med konsertar.