Sogn og Fjordane fylkeskommune med ny uttale

Rår ifrå riving i Eidsgata

– Fylkeskommunen kan ikkje tilrå at det vert gjeve løyve til riving eller omfattande utvendig ombygging og endring av bygningar, uttalar assisterande fylkesdirektør Ingebjørg Erikstad.

Falleferdig: Hellebusthuset står falleferdig, og huseigar Per Magne Jacobsen er frustrert over å ikkje nå fram med planane for huset. No rår fylkeskommunen ifrå at Eid kommune godkjenner endringsplanane, som mellom anna inneber riving og nybygg.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Huseigar av «Hellebusthuset», Per Magne Jacobsen, får dermed ikkje støtte om å rive delar av huset og bygge nytt.