Har ikkje svart på tilbod om 70.000 kroner

Må lage tiltaksplan

Yris hotell har fått løyve på 70.000 kroner for å lage tiltaksplan i høve til istandsetting og drift. Men eigaren har enno ikkje svart på tilbodet.

Kulturavdelinga ved Sogn og Fjordane fylkeskommune ventar på at eigar Winnie Yri skal akseptere tilbodet om 70.000 kroner til å lage ein tiltaksplan for Yris hotell på Nordfjordeid. No er det fire månader sidan Yri fekk dette tilbodet.   Foto: Inger træen

Nyhende

Det var 4. april i år at eigar Winnie Yri fekk tilbod om 70.000 kroner, eit løyve som blei formidla gjennom Sogn og Fjordane fylkeskommune. Dette er pengar til freda bygg gjeve gjennom statsbudsjettet for 2018 kapittel 14-29, post 71, tilskot til freda kulturminne i privat eige.