Arbeidsløysa i Sogn og Fjordane

888 personar utan arbeid i juli

–Den gode situasjonen på arbeidsmarknaden i fylket held fram kan vi konstatere når vi ser på tala for juli fortel Frode Henden, presseansvarleg NAV Sogn og Fjordane. 

Frode Henden, presseansvarleg NAV Sogn og Fjordane, kan konstatere at den gode trenden på arbeidsmarknaden i Sogn og Fjordane held fram.   Foto: Anita Ingebrigtsen

Nyhende

888 heilt utan arbeid utgjer 1,5 prosent av arbeidsstyrken i Sogn og Fjordane og som vanleg er dette igjen lågast i landet.

Samanlikna med juli i fjor registrerer vi ein nedgang på 65 ledige.  Denne gledelege utviklinga gjeld heile vestlandet.  Både i Hordaland og Rogaland fell arbeidsløysa kraftig samanlikna med i fjor med til saman vel 3600 færre utan arbeid.  Arbeidsløysa i Hordaland er no på 2,9 prosent og i Rogaland 3,0 prosent. På landsnivå er det no 70558 heilt ledige tilsvarande 2,5 prosent.

Ulike kommunetal

Arbeidsløysa er som vanleg høgast på kysten. Selje (4.1 prosent), Vågsøy (3.3 prosent) og Bremanger (3.2 prosent) har høgast arbeidsløyseprosent.

I den andre enden finn vi Aurland (under 4 ledige), Hornindal (0.6 prosent) og Gaular (0.8 prosent). Heile 12 kommunar har 1 prosent eller lågare arbeidsløyse.

Opp i høve 2017

Sjølv om arbeidsløysa i fylket samla sett går ned samanlikna med same periode i 2017, så har elleve av dei 26 kommunane i fylket ein auke i heilt ledige samanlikna med fjoråret. Størst nominell auke er det Bremanger som har 14 fleire heilt ledige i juli 2018, enn kva tilfellet var i juli 2017. Etter Bremanger følgjer Selje, Vågsøy og Stryn med høvesvis 13, 11 og åtte fleire ledige enn det som var situasjonen i 2017. Også Eid kommune har fleire heilt ledige i 2018 enn det som var tilfelle i 2017. I Eid er arbeidsløysa på 1,2 prosent, og det er fire fleire heilt utan arbeid i juli 2018 enn dert det var i juli 2017.


KommuneHeilt ledige%-vis av arbeidsstyrkenEndring frå 2017Endring % frå 2017
Sogn og Fjordane8881,5-65-7
Flora1712,7 -10-6
Gulen151,2667
Solund61,5120
Hyllestad91,3-47-84
Høyanger361,8-14-28
Vik141,0327
Balestrand50,7-18-78
Leikanger121,019
Sogndal431,0-3-7
Aurland****
Lærdal141,2556
Årdal261,0-7-21
Luster250,9-6-19
Askvoll231,5-2-8
Fjaler141,0-3 -18
Gaular120,8-1 -8
Jølster171,0-1-6
Førde881,234
Naustdal171,1-8-32
Bremanger593,21431
Vågsøy1023,31112
Selje584,11329
Eid391,2411
Hornindal40,6-4-50
Gloppen270,9-4-13
Stryn491,2820

Tabellen viser arbeidsløysa i kommunane i Sogn og Fjordane ved utgangen av juli månad. Som det kan lesast ut frå tabellen finn vi dei største utfordringane å kysten. (Kjelde: NAV)