Rune Holen – Statens Naturoppsyn:

–Kvar enkelt fiskar sitt ansvar

Etter som vassføringa i Eidselva har gått ned, har debatten om korleis ein skal forvalte laks- og sjøaure bestanden teke seg opp.

Klar merking: Dette skiltet som er sett opp av fylkesmannen viser klar kor fredingssona går. det som ikkje er like klart er at den utvida munningssonen blir 1000 meter lenger ut i fjorden.  Foto: Tormod Flatebø

Nyhende

–Dette er ein viktig debatt, men det er like viktig at alle som driv med fiske i sjø, og for den del i elv, kjenner regelverket og etterlever det, seier Rune Holen tilsette i Statens naturoppsyn som har ansvar for at fiske etter laks og sjøaure fylgjer boka.