Ikkje billettsvindel på Malakoff

I motsetning til andre store festivalar, har ikkje Malakoff opplevd bedrageri eller svindelforsøk når det gjeld sal av billettar.

Malakoff er ikkje plaga med svindelforsøk når det gjeld billettsal.   Foto: Olin Maria Yri

Nyhende

Ifølgje NTB og NPK får mange store festivalar som Øyafestivalen, Vinjerock og Palmesus årleg hundretals med meldingar om bedrageri og svindelforsøk når det gjeld billettsal. Når det gjeld Malakoff, kan festivalsjef Arnt-Ivar Naustdal fortelje at i motsetning til mange andre store festivalar i Norge, så er ikkje bedrageri og svindelforsøk eit stort problem.

–Malakoff opplevde heldigvis ikkje noko til dette i år. I alle fall med tanke på tilbakemelding frå pulikum, seier Naustdal.  

Malakoff feira 16 års jubileum i år og har dei siste åra stege mykje i storleik. Kvart år tek folk frå heile landet turen til rockefestivalen, og under årets festival var det meldt om rundt 30 000 inne på festivalområdet i løpet av tre dagar.

Problemet med bedrageri og svindelforsøk når det gjeld billettsal er i ferd med å bli utbrett om sommaren, og mange opplev å bli ståande utanfor på grunn av at dei har blitt svindla og fått falsk billett. Festivalsjefen kan fortelje at Malakoff ikkje har vore plaga med det verken i år eller tidlegare år.