Sentrumsskulane deler 530.000 kroner

Glede over ny sykkelparkering

– Det er tragisk korleis denne sykkelparkeringa frå 60-talet er. Det er absolutt på tide å gjere noko.

Tilskotsglede: Ordførar Alfred Bjørlo, kommunalsjef Elin Leikanger og rektor Anne-Grete Eikås gleder seg over at kommunen får 530.000 kroner til ny sykkelparkering ved Nordfjordeid skule og Eid ungdomsskule.   Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes

Nyhende

Ordførar Alfred Bjørlo, kommunalsjef Elin Leikanger og rektor Anne-Grete Eikås er samde der dei står og vurderer den gamle sykkelparkeringa nedanfor Nordfjordeid skule. Og når dei prøver å plassere sine eigne syklar der har dei problem med at syklane berre vil ramle ned. No skal dette bli ei forandring på.