Ina tok sølv under NM i sportskøyring

Fjerde strake medaljen

Ina Herstad og hesten Glitur har gjort det bra under dei siste konkurransane. Sist helg tok dei NM-sølv i sportskøyring, og i starten av juli vart dei beste norske under eit internasjonalt stemne.

Sølv: Ina Herstad og hesten Glitur tok sølv under NM. Sjølv om dei gjekk for gull, var det stas å få medalje og vere med i toppen fjerde året på rad. foto: privat 

Det er veldig kjekt å prestere og ligge i toppen år etter år.

Nyhende

– Eg gjekk jo for gull, men det er små marginar som tel i toppen. Det var veldig små marginar som gjorde at vi tapte litt, seier Ina Herstad som sist helg tok sølv under NM i sportskøyring. Konkurranseforma er delt i tre avdelingar og det er samandraget som tel. I den første avdelinga som er dressurkøyring kom Ina på førsteplass, medan ho kom på andreplass i den andre avdelinga som er maratonkøyring. I presisjonskøyring som er den siste avdelinga kom ho på tredjeplass. Totalt sett vart det då ein andreplass og sølv til Ina og hesten Glitur under NM som føregjekk ved Norsk hestesenter i Gjøvik.