Måtte stenge – aldri før så stor elv i Briksdalen

Tysdag var det svært høg vassføring i elva i Briksdalen.

Briksdalen vart stengt for turistar i går. Nokre stadar gjekk elva heilt opp i bredda på vegen, og fossen var ekstremt stor.   Foto: Erik Øsmundset

Briksdalen vart stengt for turistar i går. Nokre stadar gjekk elva heilt opp i bredda på vegen, og fossen var ekstremt stor.   Foto: Erik Øsmundset

Nyhende

For første gang sidan bilar erstatta hestane som transportmiddel til Briksdalsbreen , måtte Oldedalen skysslag avlyse turar.

-Ein kombinasjon av nedbør og kraftig smelting gjer at det er mykje vatn i elva. Det har begynt å grave ut vegen og vi tek ingen sjansar, sa Bjarte Haugen i Oldedalen skysslag til NRK Sogn og Fjordane.

I dag onsdag er alt tilbake til normalen, og turistbussane er tilbake i Briksdalen.