Lokkar med ortodoks kyrkjekaffi

Munkane i det gule huset i Selje sentrum inviterer på ortodoks kyrkjekaffi og ope hus komande helg.

Foto frå Seljumannamesse på øya Selja nyleg. Her er munkane saman med nonner frå Norddal.  Foto: Anna Wuttudal

Munkane i Selje held til i det gule huset i sentrum.   Foto: Anna Wuttudal

Nyhende

Munkane  i det Patriarkale Ortodokse Klosteret av den Hellige Dronning Sunniva opnar dørene og held ope hus både laurdag og søndag frå soloppgang til solnedgang.

Då kan alle som vil, store og små, kome på besøk og få eit nærare innblikk i kva det er dei styrar med i klosteret sitt og kva ortodoks kristendom går ut på. Det vil bli servert kaffi og te med noko attåt.

Det er også mogeleg å få kjøpt produkt som munkane har laga sjølve og noko som er laga av nonnene i Klosteret av De Hellige Kong Olav og Profet Elias i Norddal, slikt som såper og velgjerande kremar.