Fredags morgon kom søstrene Emily, Lauren og Stephanie Duhaime til Eid med nattbussen frå Oslo. Saman skal dei på ein ni dagars søstertur der hovudmålet er mange turar i fjellet.

– Vi ville gjere noko saman, og fjord og natur verka som ein god ide. Vi har lyst til å vere ute og gjere noko annleis saman med kvarandre. Så det her er ein søstertur med mykje gåing, fortel Emily, Lauren og Stephanie, som tok fatt på den lange reisa frå Canada til Norge for nokre dagar sidan. Første stopp i Norge var Oslo der dei overnatta på hotell før dei sat seg på nattbussen til Eid natt til fredag klar for hyttelivet.

– Det er berre heilt herleg å kome ut av byen, seier Emily som kan fortelje at ho til vanleg bur i ein liten landsby i Canada.

No har dei tre frå Canada dratt frå store Canada til vesle Eid og det er utsikta til den vakre naturen som er i fokus.

– Her er veldig vakkert. Eg ser fram til å kome opp på fjellet, fortel Emily.

Ulikt Canada

Sjølv om dei tre søstrene har reist mykje, er det første gong dei er i Norge. Faktisk er det første gong dei er i Skandinavia. Trass i at det er visse likskapar mellom Norge og Canada er det fleire ulikskapar enn det er likskapar ifølgje dei tre. Ein av dei største forskjellane er sjølvsagt storleiken. Canada har over 35 millionar innbyggjarar og landarealet er over ni millionar kilometer, og er med det ein del større enn Norge. Ein annan skilnad ifølgje dei tre frå Canada er busettinga.

– I Canada er det ikkje så mykje hus eller bygningar mellom byane, så det er veldig interessant at her er så mange hus til og med mellom små bygder. Det er koseleg, fortel dei.

Også geografisk sett er Norge og Canada ulike.

– Her er tunnelar som går inn i fjellet. I Canada er det vanleg at vi anten køyrer over eller rundt fjella, seier Emily.

Planlagt turen lenge

Turen til Norge og Eid har Emily, Lauren og Stephanie planlagt i eitt år, men dei bestilte ikkje reisa før i oktober. Den originale planen var å leige ein bil og køyre rundt sjølv, men på grunn av at dei tykkjer det er dyrt å leige bil i Norge, vart det i staden buss.

– Buss er eit fint alternativ med tanke på å reise rundt, er dei tre samde i.

Det er dyrt å vere turist i Norge, og jentene frå Canada kan fortelje at den Canadiske Dollaren er svak i forhold til den norske krona, noko som gjer det dyrare.

– Norge er dyrt, så vi har spart ein del pengar til denne turen. Men det er verdt pengane, smiler turistane.

Planar

Før dei set seg på bussen tilbake til Oslo, er det først sju dagar i hytte på Nordfjordeid og stadar i nærleiken som står for tur. Når dei reiser tilbake til Oslo blir det turistattraksjonar som dei ikkje fekk tid til før dei reiste vest i landet. Då er det operahuset og slottet som står for tur. Dei gler seg til å oppleve både den vakre naturen og litt turistattraksjonar før turen går heim att til Canada.