Oselie Henden har nyleg vore eitt av innslaga på Malakoff. Om to veker er ho klar for å synge under kulturdagen på Sagedammen, Ulvedal.

Kulturdagen er i år lagt til byrjinga av august. Før har den alltid vore tidleg i juli. Tanken er no at ein skal veksle mellom kulturdag og historisk spel, annakvart år, der begge arrangementa blir lagt til august.

Speling på glas

Etter nokre timar med mat og sal av handverk er det tid for musikalske innslag på Sagedammen denne søndagen. Andre artistar som kjem er Liv-Jorunn Bergset og Randi Merete Roset, i duoen Draup. Dei har blitt kjende fordi dei spelar på glas, ein arv etter Matias Orheim.

Lokale artistar

Konserten vil også vise fram fleire lokale artistar frå Nordsida. Det er Emma Sætren som skal synge. Ho er til dagleg elev ved musikklinja ved Firda vidaregåande skule. Så kjem Bernt Ragnval Veddegjerde, også han frå Nordsida. Han skal synge både eldre og nyare songar.

Spelemannslag

Av musikalske innslag blir det også folkemusikk. Tanken er å setje saman eit spelemannslag av medlemmer frå både Nordbygda spel- og dansarlag og Spelemannslaget Fjelljom.

Hestesko og hønsebingo

Det blir elles tradisjonell kulturdag med tradisjonsmat, aktivitet i bakstehus, smed, hesteskokastival og hønsebingo.

Kulturdagen på Nordsida er i år flytta frå byrjinga av juli til 12. august.