– Eg føle eg har opplevd veldig mykje, seier Ingrid Skrede som reiste til Washington D.C saman med kjærasten, som utvekslingsstudent for å studere og oppleve amerikansk politikk på nært hald. Dei siste åra har ho vore busett i Oslo der ho studerer Internasjonale Studiar på Blindern, men mellom januar og mai fekk ho oppleve noko alle ikkje får i løpet av livet: å bu i eit av dei viktigaste politiske maktsentera i verda.

I Washington tok Ingrid hovudsakeleg to fag, amerikansk politikk med fokus på innanriks og utanriks. I tillegg tok ho eit kveldsfag med politisk kommunikasjon og hadde eit internship hos Running Start der ho var i praksis tre dagar i veka. Running Start er ein organisasjon som jobbar med å trene og oppmuntre unge kvinner i USA til å stille til val, med særleg fokus på High School elevar. Deira filosofi er desto tidlegare ein blir introdusert for politikk og det å stille til val, desto større sjanse er det særleg for kvinner å bli med i politikken seinare.

– Under ein av fire folkevalde i USA er kvinner. Det er ufatteleg dårleg statistikk. Dei har ein lang veg å gå, og det er det denne organisasjonen prøvar å endre. Det var veldig kjekt å få ta del i det, fortel Ingrid.

Store forskjellar

Då Ingrid skulle bestemme seg for kva land og by ho skulle reise til på utveksling, var det ikkje ei sjølvfølgje at det vart Washington D.C. for det var mange valmoglegheiter ho måtte ta stilling til. I starten freista det å reise til eit eksotisk land, ettersom USA kanskje låg for nært Norge.

– Eg innsåg at det så absolutt ikkje er det, for USA er faktisk veldig ulikt Norge. Samfunnsfagleg fakultet på Blindern hadde ei avtale med American University i D.C. som hadde eit kjempespennande program der dei kombinerer undervisning i klasserom med internship. Med andre ord, ein kombinasjon mellom å lære amerikansk politikk i klasserommet og det å faktisk få oppleve amerikansk politikk på ein arbeidsplass. Det måtte berre bli kjempebra, seier Ingrid.

Trass i at Ingrid hadde førestilt seg at USA og Norge var to like land, fekk ho kultursjokk då ho kom til Washington D.C.

– Washington er veldig internasjonalt, samtidig som det er erkeamerikansk, fortel ho.

Ein av dei største forskjellane mellom USA og Norge er måten ein kommuniserer med politikarar.

– I USA er det veldig kultur for det å «networke». Ein snakkar med politikarar, og politikarane vil gjerne snakke med unge. Alle har ei haldning der «ein dag kan dei unge bli mine sjefar, og difor vil eg ha eit godt forhold til dei». Det er ikkje så ofte ein høyrer noko slikt i Norge. USA er veldig for dette og har heilt andre forhold enn Norge, fortel Ingrid.

Trass i dette, kan Ingrid, som har hatt erfaring med politikk som ungdom, fortelje at i motsetning til Norge der det er ein stor arena for ungdommar å delta i politikk, er det ikkje så stor arena og kanalar for det i USA.

– Eg tykkjer det er så flott med engasjerte ungdommar. Men i USA er det først og fremst gamle menn som styrer politikken. Ein stor forskjell er difor at ungdommar har ein stor moglegheit til å påverke i Norge gjennom å vere med i politikken, medan i USA må det til dømes store demonstrasjonar til for at noko skal skje. I amerikansk politikk krev det mykje pengar for å delta, og det gjer det veldig utilgjengeleg for amerikanske kvinner, og spesielt dei unge.

Opplevingar i kø

I løpet av månadane Ingrid var i Washington D.C. fekk ho mange opplevingar som ho aldri kjem til å gløyme. Gjennom internshippet med Running Start fekk ho blant anna vere med på Global Leader Awards, ei prisutdeling som delte ut prisar til kvinner som gjer ein forskjell i lokalsamfunnet.

– Hillary Clinton var på prisutdelinga, så eg fekk sjå henne. Å få gjort det, såg eg ikkje for meg, fortel Ingrid som i førevegen hadde kontakta den norske ambassade og stilte med bunad under prisutdelinga. Folk vart nemleg oppmuntra om å gå med nasjonaldrakter.

– Eg fekk mange kompliment for å gå med bunad, legg ho til.

Men opplevingane stoppa ikkje der. Ingrid fekk også omvising i Pentagon. Bygninga til det amerikanske forsvarsdepartementet i nærleiken av Washington D.C, stod ferdig i 1943. 11. september 2001 vart eit kapra passasjerfly flydd inn i bygninga, samtidig som to fly vart flydd inn i kvart sitt tårn i World Trade Center i New York. Nesten 3000 omkom under angrepet.

– Det var tøft å få sjå Pentagon, særleg med tanke på terrorangrepet 9/11 der eg personleg tenkjer på New York. Men det var jo eit angrep på Pentagon også. Det er eit lite samfunn der inne. Dei har alt frå gullsmed til Starbucks, fortel Ingrid.

– Dei snakka også om den kalde krigen då det flydde russarar over og lurte på kva dei dreiv på med der inne. Det var ei pølsebod som stod i midten av Pentagon. Russarane trudde det var ein inngang til eit atomlager, så dei var veldig opptekne av den pølseboda. Det er komisk, legg ho til.

Ingrid fekk også delta på ein kvinnemarsj ved Lincoln Memorial der tusenvis av demonstrantar samla seg for kvinners rettigheiter, for å oppmuntre kvinner til å stille til val og for å få folk til å engasjere seg når det gjeld overgrep, beskytting av innvandrarar og likestilling.

– Eg fekk snakke med amerikanarar på min eigen alder når det gjeld korleis dei oppfattar livet sitt og korleis det er å leve i USA, men også høyre frå dei som jobbar med desse spørsmåla og problemstillingane dagleg. Det som slo meg mest var at det er eit skarpt skilje, både i amerikansk politikk og i samfunnet. USA har to parti og då blir befolkninga delt i to i veldig mange saker.

Ho fekk også høyrt begge sidene av våpendebatten og Second Amendment som gjev amerikanarar retten til å bere våpen.

– Medan vi var i USA, var det ei kjempestor skuleskyting og debatten om våpenlova vart teke opp att. Våpenlova er viktig for mange amerikanarar, og det var veldig interessant å sjå engasjementet på begge sider, seier Ingrid.

Det var ikkje berre viktige politiske debattar ho fekk vere med på under opphaldet i Washington. Ho var også på middag med Fredrik Græsvik og var med til trykkeriet der Dollaren blir trykt opp for å sjå korleis den blir laga.

Tilbake

I mai var semesteret slutt, og Ingrid sitt opphald i Washington D.C. var over. Før ho sat seg på flyet på veg over Atlanterhavet og til Norge, leigde ho ein Ford Mustang å køyrde til nasjonalparken Grand Canyon som ligg i Arizona. Ho har også vore i New York fleire gongar som var også eit stort høgdepunkt i løpet av opphaldet. Trass i dette, har ho på langt nær opplevd alt og kan tenke seg å dra tilbake i framtida. Først, skal ho til på siste år på bacheloren i Oslo.

– Sjølv om eg har opplevd ein stor del av USA, så har eg på langt nær opplevd alt. Det er eit svært land, så eg har mykje meir igjen å oppleve utan tvil.

– Det vert ein del lærdomar når ein reiser. Når ein møter folk frå heile verda blir det spesielt ein sosial lærdom, avsluttar Ingrid.

Ingrid Skrede har vore på prisutdeling saman med Hillary Clinton. Foto: Privat
I løpet av månadane Ingrid var i Washington jobba ho i Running Start. Foto: Privat
Ingrid fekk vere med på kvinnemarsj i Washington D.C. Foto: Privat