I tillegg til maraton, halvmaraton og 10 km, vart det også arrangert minimaraton i ei 4,2 kilometer lang løype gjennom Hornindal sentrum.

Ada Borgund frå Eid IL og skiskyttarveninnene  Sara Aarnes og Mari Sofi Meland frå Stryn T&IL deltok på minimaraton i klassa under 16 år.  Ada var suverent best totalt sett blant jentene/damene med tida 19.30. Ho tykkjer det er kjekt å springe, og deltok også nyleg på halve løypa av Hornindal rundt.

Best på herresida i minimaraton var Jan Billy Aas, med tida 14.49. Han var også best totalt på halvmaraton med tida 1.31.25, der han sprang i klasse 35-39 år. Blant kvinnene var det Malene Njaastad (17-34) frå Gular IL som totalt sett var best med tida 1.37.42 på halvmaraton.

Pallplass til Vereide

På 10. kilometer tok Bendik Vereide(17-34) frå Nordfjordeid, som spring for Gloppen Friidrettslag, ein respektabel 3. plassering totalt sett med tida 39.30 og vart nummer to i si klasse. Raskast var Rune Opem (40-44), Dalebrand IL med tida 32.49 og nest best vart Bendik Grimsbø (17-34), Førde IL med tida 36.04.

Best i kvinneklassa på 10 km var Emilie Flo Stavik (17-34) frå Stryn Turn & IL med tida 41.35.

Aarnes løp raskast

Hans Chr. Aarnes frå Nittedal IL (17-34) kom i mål som førstemann på 42 km maratonløp på tida 2.54.50.

Beste kvinne var Mona Grindberg  (45-49 )frå Verdal Friidrettsklubb på tida 3.17.25.

Inge Asbjørn Haugen(65-69) frå Hornindal IL kom i mål på tida 5.42.09 og har no fullført sitt maratonløp nummer 568.

Fint miljø

Mange av dei som deltek i maraton kjem frå andre plassar i landet. Geir Jensen hadde teke turen frå Bergen. Han er sjølv med i Maratonkarusellen der og tykkjer det er kjekt med lokale løp. Ein kjem seg litt rundt i landet og treff masse kjekke folk. I fjor sprang han sitt løp nummer 100 og er no på nummer 116.

–  Når du blir eldre handlar det ikkje om å løpe så fort, men å løpe roleg og langt, seier Jensen. Både han og fru Marit Ryland trivest godt i maratonmiljøet. Også Marit er av og til med på kortare løp, men toler ikkje så godt varmen og følgjer med frå sidelinja denne dagen, fortel dei like før start.

Geir Jensen (55) kom i mål på tida 3.39.46 denne gongen.

Sjå også Hornindalsvatnet maraton

Det var fin temperatur då maratonløpet starta, men for somme vart det i varmaste laget utover ettermiddagen.
GOD PLASSERING: Bendik Vereide (med nummer 203) kom på 2. plass i si klasse og med tredje beste tid totalt sett på 10 kilometer under Hornindalsvatnet Maraton
Hans Chr. Aarnes frå Nittedal IL (17-34) kom i mål som førstemann på 42 km maratonløp på tida 2.54.50.
Geir Jensen og Marit Ryland legg vekt på det sosiale og gode miljøet. Her saman med Helge Hafsås (t.v.).
SISTEMANN: Inge Asbjørn Haugen (i midten) kom i mål til slutt, og har no fullført 568 maratonløp.