Namn: Maria Vangberg

Alder: 17 år

Bustad: Nordfjordeid

Skule: Eid Vidaregåande skule

Kva planar har du i sommar?

– Eg har vore i Spania og så skal eg jobbe. Eg var også på Malakoff og i slutten av sommarferien skal eg på Jugend.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Det trur eg må vere turen til USA for tre år sidan saman med familien. Vi var først i New York i nokre dagar før vi reiste til LA og køyrde oppover på kysten.

Kva er di draumereise og kva tre personar ville du tatt med?

– Jorda rundt-reise med gode vennar.

Korleis ser ein perfekt sommarkveld ut?

–Ein kveld med musikk, gode venar, mat og god drikke.

Det blir ikkje sommar utan...

– Malakoff, men også festival sånn generelt.

Ditt beste tips til kva ein kan gjere på Eid i sommar?

– Ein tur ned i Sagaparken og så besøke Malakoff om ein er her den helga. Vi har også veldig fine fjell som ein kan gå i.

Har du nokre hobbyar?

– Eg spelte handball før, men no gjer eg ikkje det lenger. Eg likar godt å trene på fritida.

Kva er du flink til og kva er du dårleg til?

– Eg er flink til å passe på dei rundt meg, og så kan eg ha dårleg tolmod.

Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Glad, snill og omtenksam.

Er det noko du engasjerer deg for?

– Kanskje at alle rundt meg skal ha det bra.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Det ville nok vore god mat, gode vennar og god stemning.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Då ville eg spart ein del til eg vart eldre, gjeve noko til organisasjonar og så ville eg nok ha reist.

Kven vil du gje ein blome til?

– Det må bli mamma fordi ho er alltid der for meg og dei rundt henne.

Kva syntest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Det har eg faktisk trua på, og trur det blir veldig bra.

Kva meiner du om Eid som cruisedestinasjon?

– Det er både positivt og negativt. Det er dårleg for miljøet med tanke på alle gassutsleppa, men det er bra med folk i gata.

Kva er den beste sommarlåten 2018?

– Eg har inga spesiell sommarlåt, men eg har ei sommarlista på Spotify som eg høyrer på.

Draumeartist til Malakoff?

– Dersom Biffy Clyro hadde kome tilbake igjen så trur eg det hadde blitt veldig bra.

Kva skal du lese i sommar/beste sommarbok?

– Eg les ikkje så mange bøker, så da må det bli artiklar på nett.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– Eg kunne tenke meg å flytte tilbake til Eid ein gong i framtida etter at eg har studert og teke utdanning.

Korleis ser framtida ut?

– Etter vidaregåande tenkje eg å ta eit friår, og så skal eg nok studere noko. Eg veit berre ikkje heilt kva eg skal studere enno.