Mamma Mia! Here we go again hadde norgespremiere 20. juli. Til Eid kino kjem den med første framsyning onsdag 1. august. Men klarer du ikkje å vente så lenge har både Stryn kino og Gloppen kino allereie sett opp filmen.

Mange vil sjå filmen

Då Mamma Mia gjekk på kino i 2008, med Meryl Streep i hovudrolla, plasserte den seg mellom dei best selde filmane i Norge. Over ein milliom såg Mamma Mia sist. Det plasserer filmen heilt i kinotoppen saman med Bølgen og Bør Børson. Likevel er det eit stykke opp til Flåklypa Grand Prix, som blei sett av fem millionar.

Ny rekord?

Så er spørsmålet om oppfølgjaren Mamma Mia Here we go again, kan slå den første filmen i tal publikum. I alle fall ligg den godt i tet etter første helga, der rundt 150.000 har sett filmen, mot rundt 80.000 første helga for ti år sidan.

Blanda kritikk

Men sjølv om mange vil sjå filmen, er ikkje kritikarane like begeistra. Det handlar om alt frå tynn historie til dårlege songprestasjonar. Eller dansing som er berre sann middels.

Vekslar i tid

I Mamma Mia Here we go again er handlinga lagt til både notid og i 1979. I notid møter vi dattera til Donna (Meryl Streep) som prøver å etablere seg og føre vidare mora sitt prosjekt på den greske øya. Tilbake i tid møter vi Donna som ung, då ho var på ferie på ei gresk øy, og hadde ein sommarflørt med tre menn samstundes. Då ho oppdaga at ho var gravid, blei det store spørsmålet; kven er faren? I notid møter vi dattera som blei fødd på slutten av 1970-talet, med sine utfordringar i høve til mannen og hotellet ho prøver å starte opp.

Meryl Streep mot slutten

I den første filmen hadde Meryl Streep ei sentral rolle. Denne gongen er ho blitt 69 år, og har slett ikkje hovudrolla i filmen lenger. Faktisk lever ikkje rollefiguren Donna lenger, men dukkar altså opp på slutten med ein song som i følgje kritikarane skal løfte heile filmen.