Namn:

Andreas Hellenes

Alder:

18 år

Bustad:

Nordfjordeid

Jobb:

Chatlet på Nordfjordeid

Kva planar har du i sommar?

– Det blir Malakoff, Jugendfest og kanskje Kygo i Bergen. I tillegg til dette har eg vore i Torrevieja i Spania.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Det må vere Malakoff i fjor ettersom eg tykkjer artistane var veldig bra. Då tenkjer eg spesielt på band som Karpe og Biffy Clyro.

Kva er di draumereise og kva tre personar ville du hatt med?

– Då reiser eg til Ibiza i Spania med kompisar.

Korleis ser ein perfekt sommarkveld ut?

– Det er varmt, vi har grilla og vi har bada.

Det blir ikkje sommar utan…

– Festival.

Favorittmat/drikke om sommaren?

– Det trur eg er grillmat.

Ditt beste tips til kva ein kan gjere på Eid i sommar?

– Det må vere å sjekke ut Malakoff og Sagaparken når det er fint vêr.

Har du nokre hobbyar?

– Eg driv med fotball og trenar saman med kompisar.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg er flink til å prate fordi eg er ganske pratsam, og så er eg blid. Eg er kanskje litt fjern.

Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Glad, glad og glad.

Er det noko du engasjerer deg for?

– Det eg engasjerer meg for er menneskerettar og at alle skal ha like rettar. Rett og slett fordi eg tykkjer det er urettferdig at folk er født med ulike utgangspunkt.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Trur eg hadde tatt med kompisar og noko god mat.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Om eg vart lottomillionær hadde eg nok reist verda rundt. I alle fall til stadar som Maldivene, Australia og kanskje Miami i USA.

Kva statsleiar/artist ville du ete middag med og kvifor?

– Putin. Vi hadde nok hatt mykje å diskutere.

Kven vil du gje ein blome til?

– Bestemor fordi ho alltid er så snill.

Kva er den beste sommarlåten 2018?

– Det er sommarkroppen. Den låten skapar mykje vittig debatt til dømes om sunne forbilde.

Kva artist eller band gler du deg mest til under Malakoff?

– Eg gler meg mest til Lemaitre. Eg har høyrt mykje på musikken deira og dei har mange bra låtar.

Kva serie ser du på for tida?

– Eg driv å ser på Snikskytter på Netflix.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– I eit varmare land, i nærleiken av ei strand i alle fall. Eg likar godt varme og så likar eg godt å flytte på meg slik at eg ikkje er på same staden heile tida.

Korleis ser framtida ut?

– Eg skal i alle fall studere journalistikk i Bergen, og så blir det kanskje ein tur i militæret.

Les fleire sommarpratar her