I morgon startar Vestlandsk sommarsymfoni opp på Fjordane folkehøgskule. Og i år er det jubiléum, då sommarsymfonien har vore på Eid i 40 år. På programmet i år står tre hovudverk, der eitt av dei er «Hardingfelekonsert nr. 2, op. 252, Tri Fjordar» av Geirr Tveitt.

Jorun Marie Kvernberg

Som solist har Sommarsymfonien i år fått med seg folkemusikar Jorun Marie Kvernberg. Ho er ei av dei mest kjende folkemusikarane her i landet, med hardingfele som hovudinstrument. Kvernberg er medlem av gruppene Majorstuen og Tindra, og har sjølv gjeve ut soloplate i 2006, og plata Tidens Løsen saman med trekkspelarØyvind Sandum i 2013. Saman med gruppene Majorstuen og Tindra har ho også gjeve ut fleire plater. I tillegg spelar ho i duo og ensemble saman med Gabriel Fliflet. Kvernberg har turnert verda over og motteke Spellemannsprisen to gongar, saman med Majorstuen for debutplata og med Unni Boksasp Ensemble for Keramello. For 2009-2010 hadde ho Statens Kunstnarstipend.

75 amatørmusikarar

I år er det 75 amatørmusikarar frå heile landet som kjem til Sommarsymfonien på Fjordane folkehøgskule. Arrangør er som vanleg Norsk Symfoni-Orkestres Landsforbund (NASOL). Deltakarane er amatørar, musikkstudentar og musikklærarar frå heile landet. Ny dirigent i år er Lars-Thomas Holm frå Sarpsborg. Han er ein av dei mest etterspurde unge, norske dirigentane og er frilans-dirigent for ei rekkje profesjonelle orkester i inn- og utland. Han er også kunstnarisk leiar for Ålesund symfoniorkester.

Repertoaret i år består av ein rapsodi, «A Shropshire Lad» av den engelske komponisten George Butterworth, eit solistverk «Tri Fjordar», hardingfelekonsert nr. 2 av Geirr Tveitt. Og symfoni nr. 4 i f-moll av Peter Tsjaikovskij som hovudverk. Dette programmet blir framført i Operahuset Nordfjord på avslutningsdagen, laurdag 4. august.

Konsert på Amfi

Nytt i år er at Sommarsymfonien skal spele på Amfi Nordfjord, i Eidsgata og på Hogatunet. Dette vil skje fredag 3. august, og vil erstatte den tradisjonelle kyrkjekonserten.