–Det har vore ein heilt fantastisk tur. Ein dag med dårleg vêr på heile turen, og det fekk eg i Nordfjord. Det er vel den einaste store regnskuren de har hatt her på fleire månader, men den fekk altså eg då kom inn i Nordfjord.

–Kvifor gå Norge på tvers?

–Fordi det er ein kjempeflott tur. Eg likar å gå på tur, helst lange turar, seier Tine Larsen som til dagleg jobbar som advokat i advokatfirmaet DSA as. Det er ikkje den første lange turen eg har lagt ut på – åleine. Tidlegare har eg gått Norge på langs. Då brukte eg tett på fire månader. Eg har også saman med fire andre gått Svalbard på langs. Då måtte vi vere feleire personar fordi det alltid må vere ein som sit bjørnevakt, seier Tine som ikkje legg skjul på at det var godt å kome i mål.

Malakoff

–Var Rockfestivalen på Nordfjordeid eit mål, eller var det tilfeldig at turen landet på tvers vart avslutta på Nordfjordeid.

–Eg var ikkje klar over at det var ein rockfestival på Nordfjordeid, før ein kjenning av meg gjorde meg merksam på det. Etter at eg var fortalt det, vart det eit mål i seg sjølv å prøve å rekke iallfall ein dag av festivalen.

Flott natur

–Å gå landet på tvers som eg har gjort no, er ei flott oppleving på alle måtar. Men den finaste del av truen var naturopplevinga eg hadde då eg gjekk Stadlandet på langs, seier Tine Larsen til Fjordabladet.

Kjekt: Det var ekstra kjekt at eg greidde å få med meg siste dag av Malakoff Rockfestival, sa Tine Larsen. Foto: Tormod Flatebø
Kjempa med tida: Det var ikkje gitt at Tine Larsen, som gjekk Norge på tvers skulle rekke å få med seg litt rockfestivalen på Nordfordeid. Foto: Tormod Flatebø