Eit afrikansk ordtak seier at "It takes a village to raise a child". Det same gjeld ein festival av det formatet Malakoff har fått. Det krevst eit heilt lokalsamfunn som stiller opp for å gje det Malakoff har valt som sitt slagord: "Den beste festivalopplevinga".

Eg vil rette ein stor takk til alle som er med å gjere Malakoff til den beste festivalopplevinga i Noreg. Til Arnt-Ivar Naustdal og hans folk i festival-leiinga. Til alle langt over 1.200 frivillige som har stilt opp før, under og etter festivalen. Til besteforeldre, tantar, onklar, ektefeller og partnarar - og alle andre som har gjort uvurderleg arbeid "bak kulissene" som barnevakter. Til alle som har lånt ut husrom, hjarterom, senger, hagar og bøar til folkevandringa vi har opplevd.

Eg er sikker på at Malakoff betyr mykje, mykje meir for Eid og Nordfjord enn det som er råd å setje tal på i kroner og øre. Festivaldagane skapar gode minne, nye vener, noko å gle seg over, snakke om og samlast om. Og Malakoff gjev staden vår ein plass i hjartet for resten av livet til tusenvis av ungdom frå fjern og nær.

Malakoff er ein suksess fordi vi gjer det saman - fordi alle dreg i lag. Eg er uendeleg stolt over innsatsen de har lagt ned. Det er lov å vere trøytt. Det er lov å vere lei av rigging, burger-steiking og do-vask for denne gong. Det er lov å ta litt fri. Men vit at de er med på noko stort - som har endra bygda vår til det betre.

God sommar vidare!

Alfred Bjørlo, ordførar i Eid