– Eg brukte å spele på UKM her på Nordfjordeid kvart år omtrent frå eg var elleve til eg var nitten år. I tillegg stod eg på SommarLutt då eg var rundt 16 år og spelte med ei hand fordi eg hadde brekt eine handa. Det er veldig kult å kome tilbake for å spele på Malakoff, seier Jon-Fredrik «Joffen» Hopland som er fast trommis for Lemaitre i USA. Bandet, som er kalla opp etter Georges Lemaître lanserte teorien bak Big Bang, består også av Ulrik Lund og Kjetil Jansen.

Lemaitre starta opp i 2010 og har vore på ei eventyrleg reise sidan oppstarten med konsertar og festivalar over heile verda. Bandet har blant anna spelt på Coachella som er ein av dei største musikkfestivalane og ligg eit par timar frå Los Angeles. I tillegg har musikken blitt brukt av Apple då iPhone 5 vart lansert. Laurdag spelte elektronikabandet eit fantastisk energisk liveshow framfor eit stappfullt Amfi. For Joffen spesielt, var det kult å stå på scena under Malakoff. Sist gong han var på Malakoff var det som publikum.

– No søv vi på hotell, men dei tidlegare gongane eg har vore på Malakoff har eg sove i bilen min. Det var eit år det var så kaldt at eg måtte skru på bilen. Eg sovna, og det skal ein eigentleg ikkje gjere. Eg vakna av at det kom ein politimann bort og banka på. Eg låg i førarsetet sjølvsagt, men det gjekk heldigvis fint og han forstod at eg ikkje hadde køyrt, smiler han.

Ein av dei finaste festivalane

Laurdag tok Joffen med seg Ulrik og Kjetil for å spele på Malakoff, og medlemmane som utgjer Lemaitre såg fram til å spele på Joffen si «heimebane».

– Det er veldig god stemning, varmt og fint vêr her. Rett og slett ein strålande festivaldag.

Det er ikkje første gong Lemaitre er på Nordfjordeid for å spele. I 2013 stod dei nemleg på scena i Gymmen og lada opp til Malakoff. Laurdag stod dei altså på scena på Malakoff og spelte hits som «Closer» og «Cut to Black».

– Eg er veldig fan av slike festivalar som ligg rett ved ein fjord eller innsjø der festivalane er basert på dei som jobbar frivillig. Det er alltid så koseleg når ein er her. På mange andre festivalar er dei frivillige litt irritert over å jobbe den dagen for dei jobbar berre for å få pass resten av veka, seier Kjetil.

– Ved sidan av Vinjerock er Malakoff kanskje den finaste staden for ein festival i Norge, legg han til.

Ny musikk

Etter sommaren kjem Lemaitre med ny musikk og kvar månad frå september til november sleppe dei nye låtar. Bandet skal også i gong med å spele inn nytt album, og i tillegg ut på turne i Asia, Europa og USA. Før den tid blir det litt ferie for elektronikabandet som saman kunne fortelje at dei hadde planar om å hoppe ut i vatnet i Hjelledalen på veg frå festivalen.

– Der kan ein bade naken. Det er ingenting som kurerar ein «hangover» betre enn det, avsluttar Joffen.

Kult: For Lemaitre og spesielt Joffen (t.h.) var det kult å spele på Malakoff. Foto: Olin Maria Yri