Søndag føremiddag stilte Politiet seg opp utanfor Lensmannskontoret i Rådhusvegen for å yte Malakoff sine festivaldeltakarane ein ekstra service.

Og festivaldeltakarane let seg ikkje be to gonger. Køen fram til politiet sine alkomter berre vaks, og dei to politibetjentane som ytte festivaldeltakrane denne servicen, hadde nok å henge fingarane i. Kor mange som fekk blåse i politiet sitt alkometer  har vi ikkje oversikt over i skrivande stund, men det må ha vore mange hundre.

Vi kan ikkje annna enn å applaudere politiet som stilte opp på denne måten. Eit viktig bidrag som viser at ordensmakta tek trafikktryggingsarbeidet på fullt alvor. .