Kva planar har du i sommar?

– Eg skal eigentleg berre jobbe. Det blir så klart Malakoff og ein liten tur til Oslo i starten av august.

Kva er ditt beste sommarminne?

– Det må vere i fjor då eg og ei venninne reiste til San Diego i USA i tre veker heilt aleine.

Kva er di draumereise og kva tre personar ville du hatt med?

– Det trur eg er å få reise tilbake til USA. Då blir saman med to venninner. Vi har snakka litt om å reise tilbake når vi er 21 år.

Korleis ser ein perfekt sommarkveld ut?

– Masse gode vennar, kanskje litt vin eller cider, litt varme og lite mygg.

Det blir ikkje sommar utan…

– Malakoff.

Favorittmat/drikke om sommaren?

– Grillmat og Pepsi Max.

Ditt beste tips til kva ein kan gjere på Eid i sommar?

– Det må vere å gå i gata å sjå på lokalbutikkane. Vi har ikkje så mange store kjedebutikkar, men vi har ein del koselege lokalbutikkar. Og så kan ein dra på bankkjellaren eller Magnifikk og ta seg ein pils.

Har du nokre hobbyar?

– Eg spelar i korps og er med i 4H i Kjølsdalen. Eg har vore med på handball tidlegare, men no driv eg ikkje på med noko idrett.

Kva er du flink til, og kva er du dårleg til?

– Eg er flink til å nyte sommaren. Eg er ikkje så flink til å stå opp om morgonen for å dra på jobb når det er 26 grader ute.

Beskriv deg sjølv med tre ord?

– Livsnytar, litt stressa og kontrollfreak.

Er det noko du engasjerer deg for?

– Eg er veldig oppteken av skulen og korleis ting går føre seg sidan eg går der. I tillegg er eg oppteke av at folk rundt meg skal ha det bra.

Kven eller kva ville du tatt med deg til ei aude øy?

– Mykje mat og ein båt så eg kunne kome meg heim.

Kva ville du gjort om du vart lottomillionær?

– Eg hadde nok sett av mykje av det til sparing, mest truleg nesten alt. Og så hadde eg sikkert kjøpt meg eit par ting eg hadde hatt lyst på.

Kva statsleiar/artist ville du ete middag med og kvifor?

– Audun Lysbakken fordi han er kjempesøt. Det er berre derfor, så det er ingen politiske grunnar til det.

Kven vil du gje ein blome til?

– Det må bli mammaen min fordi ho er verdas beste.

Kva syntest du om at Eid og Selje skal bli Stad kommune?

– Eg har eigentleg ikkje noko meining om det for eg har ikkje sett meg inn i det. Eg reknar med at politikarane veit kva dei held på med.

Kva meiner du om Eid som cruisedestinasjon?

– Det er eg litt i mot. Det er bra at vi får turistar men om ein tenkje på miljøet så er det ikkje bra. Eg trur også at det kjem til å sjå litt dumt ut med så store båtar inn i fjorden.

Kva er den beste sommarlåten 2018?

– Akkurat no har eg høyrt mykje på Malakoff lista. Spesielt på Sidebrok og sirkel sag. Eg gler meg veldig til dei skal spele.

Draumeartist til Malakoff?

– Ravi. Han er allsong faktor gongar hundrede. Det er så kjekt å synge med på alle låtane hans

Kva skal du lese i sommar/beste sommarbok?

– Eg les berre særemne bøkene mine. Eg les John Green for særemnet, så det går i det.

Kvar kunne du tenkt deg å bu?

– Kanskje ein by sør i landet som til dømes Kristiansand eller USA.

Korleis ser framtida ut?

– Eg har planar om å studere økonomi i Bergen.