I hjartet av fjordalandet og møtet med fjord, bre og hav ligg garden Juv. Gardstunet ligg høgt og fritt. Her er heile tolv hus med storslegen utsikt til fjordnorge.

Ved første augekast kan det sjå ut til at folk i bygdene her klorar seg fast til stupbratte gardar. Cruiseskipa kjem i hopetal på fjorden nedanfor – med mengder av turistar som skal oppleve Briksdalsbreen og nettopp dei vestlandske fjordarmane.

Gammal gard

Og det er her Rønnaug har overtatt familiegarden Juv, der ho satsar på bringebær og turisme, skog og ved.

Juv er ein gamal gard med busetnad tilbake til 1200. Garden ligg mellom Utvik og Tistam i Stryn kommune.

– Eg et bringebær kvar dag, både ein og to porsjonar. Ettersom ein er oppvaksen med alle typar bær, lærte vi at ein gjorde seg nytte av alt naturen gav oss. Bringebær kom inn seinare, men vi plukka villbringebær då vi var barn, fortel ho.

Foreldra dreiv med bringebær, som vart brukt til syltetøy.

– Men desse bringebæra tok vi vekk, og planta i staden dessertbæra Glen Ample, fortel Rønnaug, som i dag har 2,5 mål med bringebær i bratte bakkar.

Små

– Vi er den minste bringebærprodusenten her i Vikane, og leverer til Gartnerhallen og Bama, fortel ho.

Med Vikane er Innvik, Utvik og Tistam, fruktbygdene der det er storsatsing av bringebær og plommer.

– Vi driv derimot berre småskala, og har berre to-tre bærplukkarar, medan dei største har 60–70 plukkarar, fortel bringebærbonden.

No går dei meir og meir over til å selje på privatmarknaden, og Juvbæra har mellom anna mykje faste kundar i Eid.

– Vi reiser no likevel heim til Kjølsdalen, og då er det lett å ta med bringebær i bilen. Spesielt kjølsdølingane har vore utruleg flinke til å støtte opp om dette, smiler ho.

Nyplukka

– Kongstanken er at folk skal få bringebæra nyplukka same dag. Når ein leverer til fruktlager så kan ikkje bringebæra vere så modne, fordi dei må tole transport til Oslo, omlasting og tilbake til butikk. Når vi sel til private kan vi derimot levere meir modne bær, fortel ho. Ho har faste kundar, og overtok også kundar då ein annan bringebærprodusent slutta, og ho har difor også fast leveranse til Volda.

– Og kundane er fornøgde med å få godt modne bær, seier Rønnaug. Ho synest sjølv bringebær ikkje nødvendigvis er smaken av berre sommar.

– Bringebær er utruleg gode å ha ståande, og kan brukast gjennom heile året etter å ha fryst dei ned. Eg sjølv et nok bringebær tre-fire gongar i veka gjennom heile året, og folk set alltid pris på å få det servert, meiner ho.

Mykje arbeid

Mykje arbeid ligg bak bringebærproduksjonen, og Rønnaug har god hjelp frå mannen sin Paul-Rune.

– Tidleg på våren skal det stellast, og det er eit halvårsarbeid med plantene og bringebæra, og så er det veldig spenning korleis avlinga blir, om vi har treft, og om kvaliteten blir bra. Vi hadde ein hard og kald vinter, så vi mista ein heil del plantar. Dei fraus. Men naturen kan ein ikkje gjere noko med. Men på grunn av ein flott sommar er det tidlegare sesong i år, og bæra er meir søte, ifølgje bringebærbonden.

Då flaumen kom og øydela store delar av Utvik, mista dei vassforsyninga til garden.

– Difor har vi no fått på plass ny transformator, og har grave ned nytt forsyningsnett til straum, vatn og kloakk. Det har vorte ei ganske stor investering for oss, men vi valde likevel å gjere det, fortel ho.

Sakte tid

Men på Juv er det ikkje berre bærproduksjon som står i fokus. Her satsar ein også på turisme – sakte tid for urbane menneske.

– Vi tilbyr moderne menneske oppleving og kjensle av sakte tid, og vel å køyre på med det bonderomantiske, smiler ho.

Frå Hornindal kommune kjøpte dei også dei tidlegare Rygg og Haugen skular for ei og femtusen kroner.

– Vi tok ned alt; tømmer, takstein og dører, og skulane er no sett opp igjen her. Dette blir dei nye utsiktsstovene på Juv, fortel Rønnaug.

Ho har ein draum om at garden skal eksistere også i framtida, og at den kan opplevast for dei som kjem som turistar frå eit hektisk, urbant byliv.

– Spesielt i år får vi ei kjensle av at dei som kjem her søkjer nettopp etter denne roa. Dei som kjem er hovudsakleg frå Tyskland, men her er også turistar frå Australia, Amerika og Finland, fortel ho. Juv-garden har leigd ut til turisme i femti år, og det har vore mykje tyskarar i gamlestova og stabburet.

Buplikt

– Eg har alltid hatt ein draum om å jobbe med reiseliv, seier turistverten. Til dagleg er ho avdelingsleiar for økonomi på Norgesvinduet på Nordfjordeid. I 1996 overtok ho Juv, og kravet om buplikt for eigaren melde seg.

– Regelen er at den som er eigar skal ta buplikta. Vi hadde ungane som var ganske små, og var under ti år gamle, og vi var godt etablert i Kjølsdalen. Men så kom 50-prosentregelen, at ein kunne overnatte halvparten av nettene her på Juv. Dette vart også politisk handsama i teknisk utval i Stryn, og slik vart det, fortel Rønnaug. I åra 2002–2006 overnatta ho dermed halvparten av nettene på Juv, resten hos familien i Kjølsdalen.

Historie

– Vi har alltid hatt gode hensikter med drifta her. Eg visste samtidig at mor og far som budde her, ville renge meg meir, medan eg har ei søster som bur i Bergen. Og då mannen min sa at han tok ansvaret for ungane og heimen i Kjølsdalen, så satsa vi, fortel ho, og ser utover garden.

– Tenk så få i verda som har 2.000 mål frå fjord til høgfjellet. Her har vi det, og vi ligg midt i turistområde. eg er glad i gamle hus, historie og røtene mine, seier ho.

Ein har funne diplom tilbake til 1331, som viser litt av gardshistoria.

– Medan mi familie er vel 100 år her på garden. Røtene mine er opphavleg husmannsfolk som kom frå Hopland.

Det er mor Inga sine gamle oppskrifter som vert brukt når det vert kokt syltetøy og saft frå Juv.

– I bringebærsyltetøyet brukar vi også ein gammal eplesort, og trea her er dei einaste som finst i landet, seier ho.

– Vi brukar dei ressursane som finst her på garden. Saman med naboar frå Frøyset og Bruland har vi også fått rydda 15 kilometer med gamle stiar. Stiane var heilt gjengrodde, og no vil Indre Nordfjord turlag begynne å merke dei profesjonelt. Vi er glade for det. Målet må vere å ta vare på det som har vore, og utvikle det vidare, seier bringebærbonden og turistverten på Juv.

SØTE: – I år er bringebæra ekstra søte fordi det har vore ein så fin sommar, seier Rønnaug. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
To generasjonar: Mor Inga Berge og dottera Rønnaug Berge Leite i tunet på Juv. Det er dei gamle oppskriftene frå Inga som no blir brukt til saft og sylteproduksjon. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Utsikt: Gamle Haugen skule frå Hornindal har fått ny plassering på Juv, og Kåre Aardal frå Kjølsdalen har laga nytt grindbygg som tene som garasje, brukt til bærinnhausting og til selskapsbruk. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Haugen skule: Gamle Rygg og Haugen skule frå Hornindal er kjøpt inn og er i ferd med å settast i stand til bruk i samband med turismesatsing. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
SKULEHUS: – Her skal det bli flott, med den fantastiske utsikta, seier Rønnaug, her ho sit ved ein gammal skulepult i gamle Haugen skule som no er flytta til Juv. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
Bærtransport: Ei gammal vogn gjer nytta når bringebærbonde Rønnaug skal frakte dei nyplukka bringebæra til kjølelageret i den gamle møkkakjellaren. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes
BRATT: – Tenk så få det er i verda som har 2.000 mål frå fjord til høgfjellet, seier Juv-eigar Rønnaug, som føler ho har overtatt ein stor rikdom i livet. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes