Ein bil med fire personar køyrde inn i eit tre. Ulykka skjedde litt over klokka 18 fredag kveld, og naudetatane rykte ut.

Politiet fekk først melding om at ein person sat fastklemd. Det viste seg å ikkje stemme, men at bilen låg slik til at det var vanskeleg å få personen ut. Det var to barn og to vaksne som var involvert i ulykka.

Klokka 19.40: Politiet melder at føraren av bilen er alvorleg skada, og vart send med luftambulanse til Førde. Borna var lettare skada, men ein annan vaksne framsto som moderat skada. Desse vart køyrd frå staden i ambulanse.