Første festivaldagen på torsdag  vart det oppretta tre narkotikasaker. Ei av sakene var ein festivaldeltakar som hadde hatt narkotika i bagen sin, lagt igjen narkotikaen heime, men ettersom han brukte same bagen på festival vart dette oppdaga av narkotikahund.

Slåssing i båthamna

Litt før klokka 07.30 fredag morgon fekk politiet melding om at fire pesonar hadde slåst ved båthamna på Nordfjordeid.

– Vi fekk melding om at ein person var slått ned, og at det var amper stemning. Ingen av partane ville melde forholdet, men ein av dei vart sendt på legevakta på grunn av rus, fortel innsatsleiar for politiet, Roger Gundersen.

Vald mot politi

Fredag kveld var det også oppdaga fleire tilfelle av narkotikabruk, og politiet melder også om bruk av falsk legitimasjon.

–Ein sunnmøring i 40-åra er meld for vald mot offentleg tenestemann, fortel Gundersen. Det heile skjedde rett utanfor inngangen til  festivalområdet, og mannen vart raskt overmanna og sett i arresten.

–Han slo til ein sivil politimann, men då han kom på cella skada han seg sjølv, så han måtte på legevakta, fortel Gundersen.

Bortvist

Seinare på natta vart ein lokal mann bortvist frå området, og då han ikkje etterkom dette for tredje gong vart han tatt med i arresten, og det vert oppretta sak mot han.

Elles hadde Røde Kors 52 enkle behandlingar i løpet av festivalfredagen, og seks måtte på legevakta, hovudsakleg for overtrakk.