– Det blir fint ferievêr i tida som kjem, seier statsmeteorolog Ida Fossli i Meteorologisk institutt.

Helga blir bra både på Vestlandet og i Trøndelag. Det kan komme nokre overraskande byer, men temperaturmessig blir det framleis varmt og sommarleg.

– Det blir rundt 20 grader. I indre strøk blir det 25 grader, kanskje opp mot 30. Det er litt usikkert korleis luftmassane vil bevege seg, varslar ho.

Neste veke

I starten av neste veke blir det litt regn. Det kjem inn eit lågtrykk frå vest som gir regn måndag og første del av tysdag. Vidare framover blir det tørt og varmt, ifølgje prognosane, med unntak for dei uføreseielege ettermiddagsbyene.

Sjokk i nord

Sjokkvarmen forlèt Nord-Norge for denne gong. Finnmark får kanskje nyte sola heilt til helga, men deretter blir det meir vanleg sommarvêr i heile landsdelen.

Dei siste dagane har Nord-Norge notert varmerekordar i alle tre fylka.

Det tørre og varme vêret pregar også framleis Austlandet og Sørlandet. Enkelte dagar kan det bli opp mot 30 grader.

Ida Fossli seier at det viktigaste no er skogbrannfaren. Tørken ser ut til å vare framover og ut til neste veke. Skogbrannvarselet vil vare ved for Sørlandet og Austlandet.

– Tendensane framover ut over prognosane på ti dagar, er at det framleis ser ut til å bli tørt og varmt. Det ser eg allereie no. Det er kanskje antydning til regn i form av nokre byer mot slutten av tidagarsperioden, men dette er veldig usikkert og det endrar seg heile tida.

Tørt i Skandinavia

Danmark og Sverige har hatt eit ganske likt vêr som Sørlandet og Austlandet – bortsett frå at dei kom litt seinare i gang med dei varmaste temperaturane. Det er ganske tørt vêr med den same tørkesituasjonen for bøndene.

– Det som skjer er interessant frå eit meteorologisk perspektiv. Det er kjempespesielt med forholda som har vore sidan mai, seier Fossli.

Vêret: Helga blir bra på Vestlandet. Det kan komme nokre overraskande byer, men temperaturmessig blir det framleis varmt og sommarleg. Foto: Tormod Flatebø