– Det er veldig kjekt å synge, men det er alltid litt skummelt å synge a capella, fortel Vilde Torheim Skjerdal, Sigrid Rekve og Anne Ingrid Tangen Kiær som saman opptredde med song under festen i grendehuset. Dei tre venninnene trefte kvarandre på Universitetet i Agder (UIA) der dei tre studerer rytmisk musikk i Kristiansand.

– Eg brukar å vere her i feriane og når eg har tid. Denne gongen tok eg med meg Anne Ingrid og Sigrid, så vi har vore på ferie på Torheim, seier Vilde.

– Vi har hatt det fint med bading og mange turar. I var opp på setra og redda eit lite lam som hadde vondt i foten. Heldigvis går det bra med han, legg Sigrid og Anne Ingrid til.

I tillegg til dei tre jentene, stod også Haakon Skjerdal for både song og musikk under festen noko som gav god stemning og dans i lokalet for dei som var møtt opp på kvelden.

– Eg er heldig som har musikar i huset, som gjer det på dugnad. Det er også litt spesielt for Sigrid og Anne Ingrid å vere med til ein så liten stad. Ein av jentene har aldri vore på bygdefest før, seier leiar Anne Marie Torheim.

Positivt med hyttefolket

Tidlegare på dagen var det stelt i stand dugnad for store og små i og rundt grendehuset på Torheim. Vasking av hus og vedlikehald var det som stod på agendaen i år.

– Vi har alltid ein dugnad ein gong i året der styret, som består av Harald Rosø, Sverre Olav Torheim, Jan Torheim, Åmund og Åsta Torheim og eg som leiar, blir samde om kva som skal gjerast. Gjennom våren har vi blant anna lagt plast rundt grunnmuren. Under sjølve dugnaden har vi drive vedlikehald og beskytta litt slik at born ikkje skal falle ut, seier Anne Marie, som legg til at både store og små frå heile landet deltok under dugnaden og festen.

– Det er mange frå heile landet som har hytte her, og det er veldig positivt at dei kjem og bidreg på dugnad og ikkje minst kjem på festen.

– Det er vakkert her på Torheim med Gjegnen i bakgrunnen. Det er noko med Torheim som ein blir fascinert av, avsluttar Anne Marie.

Dei som var kome for å vere med på festen dansa til langt på kveld. Foto: Olin Maria Yri
Det var mange som samla seg rundt borda for å prate med kjende og ukjende. Foto: Olin Maria Yri
Haakon Skjerdal var ein av dei som underheldt med musikk og fekk folk ut på dansegolvet. Foto: Olin Maria Yri