I juli i fjor leverte Nordrikk sju prosent av det totale volumet til Ringenes. Totalt for året vart det levert i overkant av 24 millionar liter med drikkevare, øl, vatn og mineralvatn, frå selskapet som er heimehøyrande på Nordfjordeid, og som har Sogn og Fjordane og Møre og Romsdal som sitt område.

–I år reknar vi med å nærme oss 25 millionar liter, seier Trond Kroken.

Mange festivalar

–Så langt i juli har vi levert drikkevarer til to festivalar i Nordfjord – Norsk Countrytreff på Breim og Strandfestivalen på Refviksanden. Countryfestivalen på Breim er den største av desse med 17.600 besøkande. Strandfestrivalen på Refviksanden hadde til samanlikning rundt 1600 besøkande. No står den aller største for tur – Malakoff Rockfestival – som vi har vore leverandør til nesten sidan starten. For Nordrikk er dette den viktigaste av festivalane i Nordfjord. Vi leverer også drikkevarer til Utkantfestivalen i Skjerjehamn yst i Sogn, som tek imot rundt 12.000 besøkande, seier Arild Åshamar, dagleg leiar i Nordrikk som onsdag, saman med kollegaer, var i full gang med å få på plass kjøleskåp, tappestasjonar og drikkevarer på festivalområdet på Nordfjordeid.

Malakoff viktig

Arild Åshamar fortel at alle tilsette i Nordrikk som er engasjert på Eid er i full jobb med Malakoff Rockfestival.

–Det er ikkje heilt enkelt med sikkerheit å seie kor mange liter med drikkevarer vi leverer under rockfestivalen, men det nærmar seg nok 20.000 liter. Nordrikk leverer kaffi, øl, vin, vatn og mineralvatn til festivalen, som er den festivalen som har det største volumet av festivalane i Sogn og Fjordane.

–I tillegg til leveranse av drikkevarer, leiger Malakoff Rockfestival fleire kontor i andre etasje i administrasjonsbygget vårt. Plassen framfor kjølelageret blir omgjort til oppstillingsplass for bussane til artistane som deltek på festivalen, seier Arild som er grådig imponert over dugnadsånda i Eid.

–Det er eigentleg heilt utruleg at folk stiller opp år etter år. Det viser kor viktig Malakoff Rockfestival er for bygda, seier han.

I tillegg til festivalane i Sogn og Fjordane har Nordrikk også leveransar av drikkevarer til store festivalar i Møre og Romsdal, som Molde Jazzfestival og Rauma Rock.

Ein del: Arild Åshamar, dagleg leiar i Nordrikk, med ein del av drikkevarene som skal leverast til Malakoff Rockfestival. – Totalt reknar eg med at det går med rundt 20.000 liter med drikkevarer under festivalen, seier Arild. Foto: Tormod Flatebø
Tunge tak: Jonny Navelsaker (i midten), teknikar i Nordrikk, hadde mange tunge tak med å få på plass dei store kjøleskapa som skal halde ein del av drikkevarene kalde i sommarvarmen. Foto: Tormod Flatebø