–Etter den flotte vinteren vi hadde i fjor har etterspurnaden etter hytter i tilknyting til skianlegget på Harpefossen auka kraftig. I 2017 selde vi ei hyttetomt. Til no i 2018 har vi selt ni, seier Jon Balsnes, styreleiar i Hjelmelandsdalen Hyttegrend som legg til at han no får førespurnader frå eit større område enn kva tilfellet har vore tidlegare år.

Flest sunnmøringar

–Fram til denne tid har sunnmøringane vore i fleirtal når det gjeld tomtekjøp. Eg reknar med at rundt 60 prosent av alle hyttetomtene som er selde i hyttegrenda, kjem frå Sunnmøre. No merkar vi også større interesse frå folk frå Bremanger og Flora i tillegg til folk frå Vågsøy/Måløy av dei som ønskjer å kjøpe hyttetomter. Totalt er det kome opp 105 hytter i dalen, og langt fleire blir det. At det er så stor interesse for å kjøpe hyttetomter no har nok, i tillegg til at vi har ein fantastisk vintersesong bak oss, også samanheng med betre konjunkturar for verksemder på Hareidlandet, seier Jon Balsnes.

Ny marknad

–Det er stor skilnad på å sitte å vente på at noko skal skje og tore å satse på ting som ein kan få kjapt i gang. Difor har vi gjennom samarbeidsavtalen med hyttegrenda kjøpt tre tomter. Samarbeidsavtalen går elles ut på at Hjelmelandsdalen Hyttegrend, som har stor kompetanse på infrastruktur, som til dømes vegbygging, tek ansvar for den delen, medan Din Bustad har ansvar for marknadsføring og sal. Totalt blir det no rydda eit tomteområde på 21 mål. I den øvre delen av området skal det etter planen byggast frittståande hytter. I den nedre delen skal vi etter planen bygge leilegheiter. For heile området, både frittståande hytter og leilegheiter, snakkar vi om rundt 25 einingar, seier Vegard Meland som har klokketru på leilegheitsmarknaden.

Destinasjonsbestemt

–Det er ikkje alle som har råd til å kjøpe seg ei hytte til tre fire millionar kroner. Då kan ei leilegheit vere langt meir overkomeleg. Om ein ønskjer det så kan leilegheita leigast ut når ein sjølv ikkje brukar den, og på den måten vere med å finansiere investeringa, seier Vegard som viser til at andre skisportsdestinasjonar byggjer store leilegheitskompleks som folk står i kø for å kjøpe.

–I samanhengar som dette sel ein på destinasjon.

Viktig for skisenteret

–For Harpefossen skisenter er det avgjerande viktig at ein greier å utvikle området og få fleire til å kjøpe tomter. Når vi snakkar om 25 einingar i det området som vi no håper å få godkjenning på, så kan det bety over hundre årskort for skisenteret, seier Jon Balsnes.

Øvre del: I den øvre delen av det nye hyttefeltet er skal det etter planen byggast frittståande hytter. All granskog i området skal bort, seier Jon Balsnes som kan konstatere at arbeidet med skogrydding er i full gang. Foto: Tormod Flatebø.
Utsikt: Det er stigande terreng i det nye hyttefeltet, det betyr at det er flott utsikt utover dalen frå alle hyttetomtene. – Her er det ingen B-tomter, seier Jon Balsnes, styreleiar i Hjelmelandsdalen Hyttegrend, og Vegard Meland, dagleg leiar i Din Bustad AS. Foto: Tormod Flatebø.