Det er store mengder varer som går unna når det er rockefestival i bygda.

– Det er vel 25 pallar med varer som vi skal levere bort på festivalområdet. Det er alt frå pommes frites, til snacks og toalettpapir. Det er så store mengder at vi kan ikkje ha det lenge innom vårt eige varelager, smiler butikksjefen. I tillegg er det mykje varer til artistane. Kva artistane vil ha servert held ho tett til brystet.

– Men dei et mykje likt oss, smiler ho.

Julehandel i juli

Butikksjefen ventar også storhandel i sjølve butikken.

– For omsetninga sin del så har vi ein aldri så liten julehandel på gang her denne veka. Vi merkar at husa blir fulle med folk her i bygda. Dei som til vanleg er to i eit hus er plutseleg ti-tolv. Då går det mykje mat. Malakoff har enorme positive ringverknader for oss, og handlevognene er fullare enn vanleg. Vi registrerer at måndag og tysdag Malakoffveka er det lokalinnbyggjarane som handlar inn for å fylle frysar og kjøleskap, seier ho.

Alle på jobb

– Malakoff gjer noko med heile Eidasamfunnet. Det går med mykje grillmat, og vi registrerer at det skal serverast mykje gode middagar, potet, klubbemiddagar, god sjømat og det går mykje taco i heimane under Malakoffveka. Det meste går unna, fortel ho.

Når festivalfolket er på plass så handlar dei frå onsdag. Då går det i mykje chips, drikke, lette løysingar på mat, partymat, bagettar, og Extra tredoblar salat av pizzabollar.

– Denne veka har eg alle tilsette på jobb. Ingen kan ta ferie no, og ungdommane våre grugleder seg til å gå på jobb. Det er godt å ha staben på plass, seier Espelund.

Satsar på vekst

Målet hennar er å ha like godt sal som i fjor, pluss ein fin vekst.

– I fjor var vi spente på handelen fordi vi er den daglegvarebutikken som ligg lengst unna festivalområdet. Men salstalet frå i fjor viste at det ikkje var noko hinder, fortel ho, og legg til. – Vi ser at heile settinga er positiv for Nordfjordeid som handelsstad. Men for oss er det litt bingo, om vi har bestilt inn riktig med varer. Det er gjerne to ulike sjangrar i forhold til vêret. Siste sjansen for å bestille varer var tysdag.

Alle i arbeid: T.v. Linda Skårhaug Espelund har alle tilsette på jobb under Malakoffveka, her med Hildegunn Bjørlo Jacobsen, Astrid Mikalsen, Kari-Ann Lien Eide, Jamshed Islami og Per Knut Bakke. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes