Hos bestemor Dagrun og bestefar Rune Bjørhovde på Nordfjordeid er det fullt hus no under Malakoff-veka. Dei får her representere alle dei besteforeldre som stiller opp som barnevakter for at ungane deira skal få oppleve festivalstemninga på Malakoff.

– Dette er høgdepunktet gjennom heile året, når barn og barnebarn kjem heim til Malakoff, konstaterer bestefar.

Elleve små og store er no samla hos bestemor og bestefar. Dei tre døtrene Ingunn, Hanne og Anett er heime frå Oslo, og har med seg kvar sin sambuar/ektemann og son.

Fylt frysaren

– Eg har bakt og bakt i lang tid for å fylle opp frysaren, men trur du ikkje at vi må kjøpe brød i dag likevel. Det kan verke som dei et eit brød kvar i målet, smiler bestemor Dagrun. Ho har sjølv bursdag under festivalen.

– Laurdag får vi skvise inn litt kakeeting, men ho må lage kaka sjølv. Det er no fordi ho er den beste til å lage kake, seier dottera Ingunn.

Elles har besteforeldra aldri vore på festivalen sjølve.

– Vår jobb er å vere barnevakt, og det er så koseleg! Vi er mykje i klatreparken og Sagaparken, og så blir det både vassing og kasting av stein i fjorden. Her er fint på Eid, fortel besteforeldra.

Sosialt

Det å få heile storfamilien i hus samtidig er sosialt for alle partar.

– Og så må alle vere flinke å hjelpe til, konstaterer dei.

For døtrene er det stas å kome heim til Eid og møte familie og vennar.

– Skal ein møte gamle vennar så må ein heim til Malakoff. Nesten alle vennar er her heime no, smiler Ingunn, som i år passa på å få to helger etter kvarandre på Nordfjordeid, for å få med seg både gatematfestivalen og Malakoffhelga.

– Eg hadde så kjempelyst til å få med meg begge deler, smiler ho. Frå Malakoffscenene gleder systrene seg til å få med seg Gabrielle, Eva Skram, Aurora og Vazelina.

– Vi er ikkje så gode på dei kjempeharde gruppene, flirer dei. Og medan døtrene med makar nyt festivallivet held bestemor og bestefar Johannes (5), Herman (4) og Oscar (2) i ånde. Her skal det leikast og kosast – kvalitetstid for alle.