– Det er vel familien som har bedt meg finne på noko anna. Det har vore utruleg mykje jobbing, og spesielt på sommaren går det i eitt. Ein må kanskje vere villig til å jobbe 365 dagar i året, sju dagar i veka. Det er ingen jobb, men det blir ein livsstil, smiler Gunn.

Dobbeltarbeidande

Ho innrømmer ho gjekk i tankeboksen, og at det var mykje om og men før ho bestemte seg for å slutte med Narvesen.

– Likevel følast det som om det kom litt brått på. Men no har eg fått meg «vanleg» kontorjobb, der eg begynner no i august. Kontrakten om å drive Narvesen går ut i november, så eg skal drive dobbelt fram til då. Eg må vel rekne med 14 timars arbeidsdagar til november. Eg har absolutt ikkje tenkt å pensjonere meg, smiler ho.

Det er Reitangruppa som eig Narvesenkioskane, og Gunn er franchisetakar.

– Franchisekontrakten er utlyst, og det har vore ein del og spurt om den. Eg håper indelerleg at nokon har arbeidslyst og vil halde fram med å drive Narvesen. Vi må ha kiosk på Nordfjordeid, og det ville vere synd om den skulle forsvinne, meiner Gunn.

Isbutikken

Dei fleste eidarar har gjerne eit forhold til Narvesen i Eidsgata, og hos dei yngste innbyggjarane går kiosken under kategorien «isbutikken». Og det er nettopp is som går unna.

– Eg sel softis for ein million kroner i året. Det er is og mat det går i, fortel ho.

No i Malakoff-veka har ho fylt opp alt av lagerplass til nettopp is og brus.

– Frysarane og lagerplassen her, heime og hos mamma og pappa er også fylt til randa. Det er reine bingoen dette, for ein veit aldri korleis vêret vert, seier ho, som veit at med sol og varme går det endå meir is og brus enn om det er regn.

Veks kvart år

– På somrane er salet fantastisk, medan det er litt meir traurig om vinteren. Men eg har omsetningsvekst i år igjen, og har hatt vekst kvart einaste år sidan eg begynte her, fortel Gunn.

– Dette er ein fantastisk arbeidsplass, og eg storkosar meg på jobb. Men det er ei tid for alt, og her har eg drive sidan 1995, Ungane er til og med vakse opp på teppet bak her, fortel ho, som ikkje har vore vekke ein einaste dag.

– Det er verre og verre å få tak i folk som vil jobbe, men eg er også sikkert litt sær og vil ha ting på min måte, innrømmer ho. Gunn trur det sal bli litt herleg å få litt meir fritid på sikt.

– Eg er glad i å gå på fjellet, og fiske i havet, og håper eg no får meir tid til det, seier kjøpmannen.

Bak kassadisken: Sonen Henrik er vakse opp bak kassaapparatet, konstaterer Gunn Taklo Sørgulen. No hjelper han sjølv til. Foto: Ingebjørg Nilsen Stokkenes