Med levande stearinlys, stolar, bord og sofa var det i forbinding Action Week stelt i stand for intimkonsert i Gymmen med Eidaren Aleksander Raftevold som går under artistnamnet Aleks Grey. Med seg på scena hadde han med bror Andreas Raftevold Espelund og Tore Haraldsen.

– Planen var at eg skulle ha med Sebastian Berg men han vart skrive ut frå sjukehuset i går. På kort varsel fekk eg med meg Andreas og Tore i staden. Dei er flinke og tar det på kort varsel, seier Aleks og legg til at det blir litt anna energi når ein spelar saman med andre.

For Aleks som gjekk på Eid vidaregåande skule, er det å spele på Gymmen skikkeleg heimebane.

– Det er lenge sidan sist eg spelte på Gymmen, eg hugsar faktisk ikkje sist gong. Det er veldig kjekt å spele her for det er alltid mykje kjend folk, fortel Aleks som har per dags dato over 800 000 og nærmar seg snart ein million streams på Spotify. Han kallar seg «ein liten gut frå Heggjabygda» og fortel at han set pris på at folk vil høyre musikken hans.

Prøvde ut nye låtar

Med på setlista tysdags kveld var låtar som «Feel Alive», «Unstoppable» og den nye låten «Let Go» som blant anna har fått speletid på radio. I tillegg nytta Aleks intimkonserten til å prøve ut nye låtar. Ifølgje Aleks var ni av tolv låtar han spelte heilt nye.

– Litt kjekt å prøve nye ting her for folk er ikkje så dømmande publikum. I alle fall er dei høflege nok til å ikkje seie noko, smiler han.

– Det vart den eine premiera etter den andre. Det er herleg å få spele litt nye låtar, for då er det på ein måte litt ferdig på ein måte, legg han til.

Nokre av låtane han spelte under intimkonserten vart skrivne i fjor, medan den aller nyaste låten «Fire» vart ferdig måndag.

Trass i at det var intimkonsert med sofa og levande lys, var det god stemning i Gymmen under siste låten «Feel Alive» når publikum reiste seg og slapp seg laus.

– Det er gveldig gøy at folk er med. Når du er nordmann så er det gjerne at slikt ofte sit langt inne, smiler Aleks som var godt nøgd med konserten.

Ny musikk og turne

Etter konsert på Hoven som Aleks beskriv som «det sjukaste sceneteppet ein kan få» og Gymmen tek han sommarferie.

– Det blir Malakoff, roadtrip, telt og diverse anna som ein ikkje får gjort til vanleg. Deretter blir det tilbake til Oslo, fortel Aleks.

Det blir ikkje lang sommarferie for musikaren, for 2. august gjev han ut den nye låten «Stay» som også får musikkvideo.

– Det er fyrste gong med musikkvideo så det er spennande. Vi driv å speler den inn no, og har i grunn berre småting igjen. Eg håpar den kjem omtrent samtidig som den nye låten, kan Aleks fortelje.

Deretter er planen ein tur til Firenze i Italia i to veker for låtskriving, og til våren skal han ut på sin første turne i Tyskland.

– Det er med skrekkblanda fryd eg legg ut på turne. Eg har ikkje gjort noko slikt før, seier Aleks og legg til at det blir åtte konsertar i ein rekkje tyske byar.