Som nærmaste nabo til festivalområdet på Malakoff har ein ung kameratgjeng opna pølsebu i garasjen. Her sel dei både potetgull og pølser  i brød, men då vi var innom var dei litt uheldige med litt for hardt kokte, sprengte pølser. Smaken var likevel den same.

–Vi fann vel ut at dette er ein fin sommarjobb. Mange går forbi garasjen for å kome til festivalområdet, så vi ventar oss eit rush av folk snart, seier Tobias. Han har med seg  Svein-Philip Becker, Lucas Aleksander Midthjell og Daniel Dyrstad Hildenes.

–Vi skal stå her kvar dag og selje frå kiosken vår, og veit vi har ein veldig bra plass, fortel dei, før dei må hive seg rundt og selje pølser. Betalinga har dei via vipps.