Det er endå nokre timar til dei første banda går på scenene på festivalområdet i Malakoff, men dei første festivaldeltakarane kom allereie i onsdag ettermiddag/kveld, for å sikre seg den beste teltplassen på festivalcampen.

–Den som kom først av oss kom i går kveld, medan vi andre kom i femtida torsdag morgon, fortalde festivaldeltakarane som opplyste at dei kom frå Førde og Bergen for å vere med på festival nummer ein i Sogn og Fjordane.