– Førestill deg at du skal skyte på blink. Du har du ein spak du kan dra i, og så skyt du og justerer spaken slik at du treff der du skal. Du har ein million spakar så du må finjusterer alle saman fram til du treff der du vil og så samanliknar du kvar du treff. Dersom du skulle gjort det manuelt så produserer maskina noko, og du les over det. Sidan du kan lese og skrive så seier du om det er bra eller dårleg, og sende det tilbake til maskina som deretter gjer justeringane, forklarar Mehemed Adzemovic (21) jobben med teknologi avklaring.

Mehemed er saman med Steffen Haug (21) ferievikarar hos Sødermann AS om er eit datadrive analyse – og rådgivingsselskap for kommunal sektor. Mehemed studerer kybernetikk og robotikk på NTNU medan Steffen har gått to år på lektor men fann ut at programmering og matematikk var meir interessant og skal til på sitt første år med fysikk og matematikk på NTNU til hausten. Dei tykkjer det er spennande med ein sommarjobb som er relevant for studiet.

– Dersom ein klarer å få tak i ein jobb som er relevant for utdanninga så er det å anbefale.

Sjølv om begge ferievikarane studerer ved NTNU, er både Steffen og Mehemed frå Nordfjordeid og Måløy. Petter Sødermann, gründeren bak Sødermann AS, meiner det er viktig å tilsette lokale sommarvikarar

– Det er mange utruleg flinke folk frå heile Nordfjord, og vi er avhengige av at dei vil kome tilbake.

Steffen har hans andre sommar hos Sødermann AS ettersom han var der i fjor også, medan det er Mehemed sitt første år.

Utfordrande

For Mehemed og Steffen er det ein utfordrande sommarjobb der dei må lese seg opp og gjere grundig undersøking. Noko av det mest sentrale er å finne ut av kva som går og det som ikkje går.

– Eg har alltid vore interessert i realfag og måten ein løyser ting på, fortel Mehemed.

– Det er måten ein løyser ting på som er interessant, seier Steffen seg samd i.

Primitive spørsmål

Det er ikkje berre og berre å jobbe med datamaskiner dag ut og dag inn. Sjølv om datamaskiner inneheld enorme mengde informasjon, er det ikkje alltid det er like lett å jobbe med.

– Ein tar ting forgitt. Når du skal forklare noko til ei datamaskin så må du ned på skikkeleg primitive spørsmål slik som kva er eit ord, kvifor kan to ord bety det same sjølv om dei skrivast ulikt, kvifor blir dei skrive ulikt og kvifor blir dei brukt i ulike samanhengar. Ein måte å løyse ting på er å setje orda rundt i kontekst, fortel Mehemed.

– Utfordringa er å få maskina til å forstå enorme mengde med informasjon og finne måtar for at maskina skal forstå at veg og trafikk er ord som heng saman. Eit morosamt døme er å få ei datamaskin til å forstå at skule og skole er det same. Sjølv Google klarar ikkje å forstå noko så enkelt, legg Petter Sødermann til.

– Det beste fram til no har vore korleis «Elasticsearch» fungerer, men vi er ikkje ferdige å teste enno for vi har litt tid igjen her, fortel Mehemed og forklarar at «Elasticsearch» er ei teneste som veit til dømes alt om kva NRK nokon sinne har laga.

– Skal ein summere opp, er det matematikken og spesielt algebraen i det som er kjekt, legg Mehemed til.

STUDENTAR: Sommarjobben til Steffen (t.v.) og Mehemed (t.h) er relevant for utdanninga dei tar på NTNU. Foto: Olin Maria Yri