− Kvifor har du valt å flytte tilbake til Hennebygda?

− Det var her eg vaks opp og det er her eg føler meg heime. Eg har familie og vener i nærleiken og det er her eg trivst best.

− Kva var mest avgjerande for flyttinga?

− At eg fekk med meg Karoline til å bu litt utanfor sentrum?

− Kva sakna du mest då du budde borte?

− Naturen inne i fjorden.

− Er det noko du spesielt brenn for på heimplassen?

− Eg er ivrig etter å utnytte jaktmoglegheitene som finst.

− Korleis er livet ditt om ti år?

− Ferdig med hus og hage, og kanskje vi har gifta oss innan den tid.

− Kva skulle du bli då du var 12/14 år gamal?

− Skulle bli tømrar. Har alltid vore glad i praktisk arbeid.

− Kva er du mest fornøgd med i livet ditt no?

− At eg har fått meg ein fin familie, og at vi har bygd hus på heimplassen min.

− Kva er det verste du veit?

− Dei bilistane som ligg 10 kilometer under fartsgrensa og ikkje slepp andre forbi.

− Kva er den store forskjellen på livet i Hennebygda og livet i Deknepollen?

− Avstanden til sentrum. Det blir ein del meir køyring med å bu i Hennebygda, men her er lite trafikk og ganske stilt og fredeleg.

− Kva har opptatt deg mest i det siste?

− VM i fotball på TV, arbeid rundt huset og planlegging av marknaden i samfunnshuset.

− Kva er meininga di om Stad kommune?

− I utgangspunktet burde heile Nordfjord blitt slått i hop til ein stor kommune.

− Kan du tenkje deg å engasjere deg i kommunepolitikken?

− Nei, eg har meir enn nok å gjere.

− Kva synest du om jobbtilbodet i distriktet?

− Her er ikkje jobbar nok til alle med mastergrad. Så sats på fagbrev!

− Er det noko du saknar i Nordfjord?

− Nei, her finst etter kvart noko for ein kvar smak.

− Føler du at du har fått realisert deg sjølv?

− Ja, eg er fornøgd med det eg har gjort og opplevd så langt i livet.

− Kva råd har du til utflytta nordfjordingar?

− Flytt heim om mogligheita er der. Vi treng fleire folk i distrikta.

− Kva synest du om «nye» Nordfjordeid?

− Positivt det som skjer på handelsfronten. Det er med på å skape arbeidsplassar.

− Kva er favorittserien/underhaldning?

− Glad i det meste som har med sport å gjere.

− Kva medium brukar du for å oppdatere deg på nyhende?

− VG, lokalaviser og NRK Sogn og Fjordane.

− Har du eit råd til kommunepolitikarane?

− Ikkje gløym utkantane i kommunen.

− Skal du på opera Nordfjord til hausten?

− Nei.

− Kvar går årets ferietur?

− Det er noko uvisst ennå.

− Kva har du på nattbordet?

− Nattlampe og mobil.